Fri Den norske kyrkja, her representert ved Hareid kyrkje, er ikkje lenger knytt til staten. Men er Noreg framleis eit kristent land?
(Foto: Arkiv / LAG)

Fri Den norske kyrkja, her representert ved Hareid kyrkje, er ikkje lenger knytt til staten. Men er Noreg framleis eit kristent land? Foto: Arkiv / LAG

Vekespørsmålet

Bur vi i eit kristent land?

Fram til 21. mai 2012 var den evangelisk-lutherske kyrkja statsreligion i Noreg. Den norske kyrkja er framleis det største trussamfunnet her i landet, men er altså ikkje lenger knytt til staten.

Det er over tusen år sidan Olav den Heilage tok til på kristninga av Noreg. I år vert det markert at det er 500 år sidan Luther la fram sine 95 teser mot avlatshandelen i den katolske kyrkja. Denne handlinga førte til den lutherske reformasjonen og ei oppbryting av det kyrkjelege eineveldet til den katolske kyrkja. Noreg har vore ein del av den evangelisk-lutherske kyrkja sidan 1537.

I ei meiningsmåling utført av InFact for Dagen nyleg, svarar fire av ti at dei framleis oppfattar Noreg som eit kristent land. Det er elles svært mange, 24 prosent,  som har svart "veit ikkje". 34 prosent har svart "nei".

Kva meiner du? Meiner du at Noreg framleis er eit kristent land? Gå inn på "Vekespørsmålet" og velg det alternativet du er mest einig i; "Ja", "Nei" eller "Veit ikkje".

Fleirtal for felles fyrverkeri

"Tykkjer du felles fyrverkeri er ein god idé?" spurte vi sist veke. Det var det eit overveldande fleirtal som meinte, heile 86 prosent av dei som avgav svar. Ein av ti vil heller skyte opp sitt eige fyrverkeri, medan fem prosent svarte at dei er i mot fyrverkeri. I alt er det registrert 755 avgitte stemmer.

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 
Blir lest no
 

Ekornes-pendlarane:

- For lite tid til barna

- Det verste med pendlinga er at eg får så lite samvær med borna mine, seier Caroline Kvalen.

Arbeidsreise med knappe marginar

– Eg hadde ikkje trudd slutten på yrkeslivet mitt skulle bli slik, seier Evy Beiermann.

Kan ikkje love noko

– Vi er klare over problemet, svarer fabrikksjefen, når Vikebladet Vestposten spør kvifor pendlarane ikkje kan få fem minutt kortare matpause.

Tok sølv i skule-NM

John Henrik Kvalsund Paulsen frå Hareid tok sølv i bilfag i tidenes første skule-NM.

Go'dag:

Å kome seg meir ut i det nære

Les denne vekas Go'dag, forfatta av journalist Andreas Steinnes Bjerknes.

Bryne - Hødd LIVE

Følg Hødd sin kamp borte mot topplaget frå Jæren.

#Journeynebukadnesar

Livet i Karibia

Les om neste del av Tobias Hatløy si fantastiske reise rundt Atlanterhavet.

Fjord 1 tek over fire nye samband

Havila-eigde Fjord 1 skal drifte fire ferjesamband i Hordaland.

Hareidsdøling med i fylket si beste studentbedrift:

- Veldig glade og stolte

Gaute Hermansen kunne saman med sine kollegaer feire prisen for årets studentbedrift i Møre og Romsdal.

Blei junior-norgesmeister i turn:

- Dette var veldig kjekt

Med sigeren i junior-NM er Edel Charlotte Eiken Fosse mellom anna kvalifisert til årets europeiske ungdoms-OL i Ungarn.

Edel Charlotte blei norgesmeister

Edel Charlotte Eiken Fosse blei norgesmeister individuelt under helgas junior-NM i turn.

Ønskjer å sørgje for ei trygg og god russefeiring:

No har russefeiringa starta

Russepresident Kjetil Frøystadvåg Kvalsvik likar å ha ansvar. No er russefeiringa i gong, og han har ansvar for 150 medruss.

Lada opp på Blåsarbua:

- Vi er ein flott fotballfamilie

Fleire av Hødd-spelarane varma opp i forkant av bortekampen på Jæren med eit besøk innom Blåsarbua.