Hei og velkomen til eit leikeunivers utan grenser. Våre boksar er fulle av læring og leik, slik at du kan byggje opp di eiga verd, akkurat slik du vil ha den.

Her er det ingenting som er svart eller kvitt (men ganske mykje som er blått eller rosa). Kanskje drøymer du om eit fortrylla kongerike, oppført i glinsande, lilla plastikk? Eller om ein by som består utelukkande av brannstasjonar, fengsel og flyplassar?

Kanskje drøymer du om eit Amerika som skal bli Great Again? Eller ein fargerik jungel full av moro og eventyr? Her er det ingen reglar, bortsett frå at du skal ha det gøy! Denne forma for leik stimulerer kreativiteten, fantasien og evna til å dikte opp historier - viktige ferdigheiter å øve opp for deg som skal leve i framtida sitt post-fakta samfunn. Og det beste er at det er så gøy at verken barn eller vaksne tenker på at det er trening det handlar om!

Det er lett å kome i gang: vi tilbyr instruksjonar som er lette å forstå og byggjeelement som får deg raskt i siget.

Du startar med å velje dei elementa som tiltalar deg. Det kan til dømes vere eit slottslandskap fylt med prinsesser og hekser, eller kanskje western-terreng med kvite cowboyar og skurkar frå Mexico med oljete hårsleik. Så plasserer du desse elementa slik du synest passar best.

Skal prinsessene regjere i det lilla plastikkslottet, eller er dei kasta ut i skogen av dei slu heksene? Skal cowboyane ta sjansen på å la dei meksikanske skurkane få arbeide i landet eller skal dei setje opp ein høg mur for å stenge dei ute?

Hugs: her finst det ingen fasitsvar, det viktigaste er at du slepper fantasien laus medan du finn på dine eigne historier. Dersom du er ekstra dristig kan du til og med hevde at meksikanarane skal betale for muren sjølv.

Etter at du har etablert universet ditt går resten lett som ein leik. Då treng du berre konsentrere deg om å få alt til å passe inn i systemet du har etablert. Dersom det til dømes dukkar opp ei vanleg jente eller ein grei meksikanar, så er det berre å late som om dei er hekser og skurkar likevel.

Hugs: det viktigaste er ikkje at det er sant, men at det kjennest rett, for deg og for dei andre som ser verda på same måten som deg.

For vidarekomne byggjarar tilbyr vi eit vell av realistiske detaljar og funksjonar som du kan integrere i verda di – slik at den til forveksling kan likne på den faktiske! Du kan gjenskape realistiske situasjonar frå kvardagen med menneske som har eigne personlegdommar, akkurat som menneska i den verkelege verda.

Kva med ein glinsande supermarknad med tilhøyrande cupcake-kafé, der du kan shoppe eller drikke cappucino med jentene? Kva med eit enormt forretningsimperium, komplett med eigen skyskrapar med etternamnet ditt på? Eller kva med eit land som du kan kalle for Kina og så gje det skulda for alt mogleg – frå å ha dikta opp den såkalla klimakrisa til å ha forårsaka all arbeidsløyse?

Vi gjer merksame på at byggjarar på dette nivået vil støyte på ein del ord og omgrep som kan vere vanskelege å forstå, og då er det sjølvsagt lov å spørje dei vaksne om hjelp. Kanskje lurer du på kva ord som fasit, fakta og falsk eigentleg tyder? I så fall kan dei vaksne fortelje deg at det ikkje tyder noko som helst. Og dess tidlegare du lærer dette, dess lengre kjem du til å kome her i livet.

I verda di er det sjølvsagt du som vinn den gylne herredøme-maska og blir konge, innsatsleiar, general eller verdas mektigaste mann. (Dronningar finst ikkje, men viss du vil kan du kalle deg verdas mektigaste prinsesse). Dette er utviklande for kreativiteten – for her er det berre DU som kan bestemme kva leiken skal gå ut på. Vil du bli med vulkanforskarane på tokt for å finne verdifulle krystallar? Eller stelle dei vennlege ponniane?

Kanskje føretrekk du å leike deg med tanken på å forkaste klimaavtalen frå Paris? Fordelen med å bestemme reglane er at du både kan late som om dei ikkje finst og så referere til dei når det passar deg. Dersom brysame storesysken eller bedrevitande vaksne tek deg i å lyge så kan du berre lyge om at du lyg og ignorere alle handfaste bevis på det motsette. Men viss nokon andre lyg skal du sjølvsagt påpeike det, også dersom dei ikkje gjer det, heilt til alle vert så forvirra at dei byrjar å riste på hovudet og snakke om post-fakta samfunnet.

Vi vil råde deg som ung byggjar til å halde deg innanfor di eiga verd, og i så stor grad som mogleg unngå andre, tilstøytande verder. Dette kan du oppnå ved å isolere deg inne på ditt eige, ovale rom, for så å halde deg til ei klar proteksjonistisk linje overfor dei som vil bytte byggjeklossar eller inngå andre former for samarbeid med deg. Eit anna effektivt verkemiddel er å nytte størsteparten av klossane til å byggje høge murar, slik at du slepp å forhalde deg til resten av universet i det heile. På denne måten unngår du både ressurskrevjande konfliktar og keisame plikter som gagnar andre i tillegg til deg sjølv, slik som klimaavtalar, internasjonale samarbeidsorgan og fredsbevarande operasjonar. I staden kan du lene deg tilbake i sofaen på det nye kontoret ditt og opne ei flaske med noko godt å drikke.

Men pass på – medan du sjølv leikar med Barbie eller skålar med Donald Duck kan nokon på naborommet ha oppdaga ein av våre meir destruktive seriar og vere i gong med å bygge ein Lego Ninjago kaosstridsvogn eller ei Lego Nexo-Knights dommedagsmaskin. Merk at garantiane våre ikkje gjeld for slike tilfelle.