Førre veke vedtok fleirtalet ved Kyrkjemøtet ein liturgi som kan nyttast når likekjønna par skal gifte seg og det nye ritualet vart tatt i bruk allereie 1. februar. Det var ved Kyrkjemøtet i april i fjor at det vart fleirtal for at også likekjønna skal få gifte seg i Den norske kyrkja.

For mange er dette ein siger, medan andre meiner at ekteskapet er ei ordning for mann og kvinne. I følgje avisa Vårt Land meldte over 1100 personar seg ut av kyrkja i løpet av dei to dagane etter vedtaket på det siste Kyrkjemøtet.

Kva meiner du? Var det rett av Kyrkjemøtet å opne for vigsel av likekjønna i Den norske kyrkja? Klikk deg inn på Vekespørsmålet og avgi di stemme.

Nei til øl på bensinstasjonen

"Bør kioskar og bensinstasjonar også få selje øl", var vekespørsmålet sist veke. Bakgrunnen for dette var programkomiteen i Framstegspartiet som ut frå eit likskaprinsipp ville at også kioskar og bensinstasjonar skal kunne få selje øl, når daglegvareforretningar elles får det.

Eit realitivt solid fleirtal, 59 prosent, meinte at det bør kioskar og bensinstasjonar ikkje få lov til. 39 prosent meinte "Ja", medan to prosent landa på "veit ikkje".