Den framtidige strukturen til politiet i Møre og Romsdal politidistrikt er no på plass etter ein god prosess der kommunane i stor grad har blitt involvert og høyrde. Det pågår i desse dagar forhandlingar mellom dei tillitsvalde og politimeisteren om korleis politidistriktet administrativt skal organiserast i geografiske driftseiningar (GDE). Dei geografiske driftseiningane er ei overbygning for fleire lensmanns- og politistasjonsdistrikt, og har kort oppsummert ansvar for å koordinere ressursane mellom lensmannsdistrikta slik at ein får mest mogleg politikraft for kvar krone.

I dag har fylket 6 GDE med 3 på Nordmøre, 1 i Romsdal og 2 på Sunnmøre. Politiets eiga arbeidsgruppe foreslår no å redusere dette til to. Ei på Sunnmøre og ei for Romsdal og Nordmøre. Alternativt foreslår gruppen å gå ned til 4 einingar ved at dei 3 einingane på Nordmøre vert slått saman til ei, og at dei andre einingane vert vidareført meir eller mindre slik som i dag men at Stranda og Sykkylven vert inkludert i GDE for Søre Sunnmøre.

Erfaringane etter at ein oppretta ei felles geografisk driftseining på Søre Sunnmøre under leiing av lensmannen i Ørsta/Volda er gjennomgåande gode. Ein har fått samla fagmiljøa og samordna ressursane, noko som har gitt oss betre patruljetenester, gode resultat på etterforskning og oppklaring, samt ei spissa satsing på førebyggande arbeid. Det er difor viktig at dette gode arbeidet held fram.

Ordførarane i Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta, Volda, Hornindal og Stranda vil peike på fleire fordelar ved å halde på fire geografiske driftseiningar framfor å redusere det til to.

•        Betre samordning av tenestene i distrikta

•        Tettare kontakt mellom politiet og kommunane med tanke på beredskap og førebyggande arbeid.

•        Betre fordeling av statlege arbeidsplassar og fleire karrierejobbar i politiet også ute i distrikta.

•        God representasjon frå heile fylket i politimeisterens leiargruppe. (vi føreset at leiarane av GDE sit i leiargruppa til politimesteren)

Vi føreset likevel at spesialiserte avdelingar som t.d. etterforsking av seksuelle overgrep og krimteknisk vert samla for å skape større fagmiljø og sikre god «mengdetrening» innanfor spesielle arbeidsfelt slik at ein er sikrar at personellet har både erfaring og inngåande kunnskap på området.

Kommunane er kjent med at partane ikkje er blitt einige, og at spørsmålet går til mekling i Politidirektoratet

Vi oppmodar difor partane om å samle seg om alternativ 2 slik at vi dei nye geografiske driftseiningane vert lokalisert til Kristiansund, Molde, Ålesund og Ørsta/Volda.

Anders Riise - Hareid kommune

Knut Erik Engh - Ulstein kommune

Arnulf Goksøyr - Herøy kommune

Dag Vaagen - Sande kommune

Lena Landsverk Sande - Vanylven kommune

Stein Aam - Ørsta kommune

Jørgen Amdam - Volda kommune

Stig Olav Lødemel - Hornindal kommune

Jan-Ove Tryggestad - Stranda kommune

NB!

Hornindal tilhøyrer pr i dag politidistrikt Vest, men vil etter samanslåinga med Volda kommune verte ein del av Møre og Romsdal politidistrikt.