Kong Harald V har nett fylt 80 år og det har ikkje mangla på gratulasjonar til den folkekjære kongen. Kongefamilien har i mange tilfelle verka samlande for nasjonen Noreg og har også verka som døropnarar for norsk næringsliv, ikkje minst når det gjeld delar av marknadane i Asia. Ein annan ting er at dersom Noreg vert ein republikk, så veit ein jo aldri kven ein får til president heller.

Mange meiner likevel at monarkiet no er klart til å kastast på historia sin skrothaug. Er det rett at nokon skal arve ein så viktig samfunnsposisjon som dette trass alt er?

Kva meiner du? Monarki eller republikk? Klikk deg inn på Vekespørsmålet og sei kva du meiner.

Knapt fleirtal støtta Kyrkjemøtet sitt homo-vedtak

"Var det rett av Kyrkjemøtet å  tillate samkjønne ekteskap i kyrkja?2 spurte vi sist. 47 prosent meinte at dette vedtaket var rett, medan 44 prosent ikkje var einige med fleirtalet på Kyrkjemøtet. Fire prosent svarte "Veit ikkje" medan 6 prosent hadde valgt svaralternativet "Bryr meg ikkje".