Tidlegare i vinter var eg ein tur til skianlegget på Overøye i Stordal. Eg er ingen utforkøyrar – og heller ingen stor kø-ståar – så både alpinbakkane og heisene fekk vere i fred frå mi side.

For køene ved heisene var meir enn gigantiske. Det vrimla av utforkåte gutar og jenter, menn og kvinner, som var villige til å betale dyrt for å bli taua opp i høgda – og så få seg både fart og kick i dei bratte bakkane.

Men etter å ha bisna ei stund trykte eg på langrennsbindingane og gjekk på blå swix og med 180 i puls framover dei velpreparerte løypene mot Fokhaugstova.

Dei var ikkje akkurat mange som gjorde det same. Cirka fem hundre meter mellom kvart individ, kan eg tenke meg, som eka seg fram for eigne krefter.

Og eg lyg ikkje om det på Overøye denne dagen var 1 fattig langrennsløpar per 150 alpinistar. Endå tidlegare på vinteren hadde eg skrive ein artikkel om årsomsetjinga ved Vinmonopolet i Ulsteinvik. Til å illustrere artikkelen tok eg eit bilde av dei få hyllene med juicar og alkoholfrie vinar nærast inngangen. Polet, vart meg forklart, vil gjerne fremje bruken av det alkoholfrie.

Kundar kom og gjekk. Men ingen stogga ved det alkoholfrie. No i bakkane mot Fokhaugstua kom eg til å tenke at dei som forsynte seg med juicar og alkoholfritt ved hyllene i Vinmonopolet var like få som det var langrennsløparar på Overøya. Cirka 1 mot 150.

Det store polfleirtalet forsvann vidare innover i lokalet for å handle drivstoff som kunne gi både fart og kick i kvardagane sine mentale utforbakkar.

Salstala, som eg hadde funne på Vinmonopolet si heimeside, stadfesta det eg trudde; at det blir selt 1 flaske med alkoholfritt for kvar 150 flasker med alkohol. Så vel vin som vodka og øl.*Tilbake til Overøye: I det eg snudde og skulle til å legge på heimveg frå Fokhaugstova rumla det noko voldsomt mellom fjellsidene. Skrallet syntest å kome frå dalen vidare innover mot Skorkja og Tresfjord.Eg tenkte snøskred, men i ettertid viste det seg å vere ei eldkule som hadde skrensa inn i atmosfæren og sannsynlegvis eksplodert over Nordvestlandet.

Eldkuler er ofte is som blir til vatn på vegen gjennom atmosfæren.Og det må vi alle sanne - både dei som går på smale og og dei som går på breie vegar – at vatn er sunt.