Problemstillinga dukka opp ein dag eg gjekk og spekulerte på kor lang tid det hadde teke å grave ut Storfjorden – frå Geiranger til Breisundet.

No veit eg det sånn cirka: Reidar Müller skriv i ei bok at det tok 2902 millionar år. Først grov elvane V-dalar, så kom istidene og laga U-dalar, som så vart fylte med saltvatn.

Jorda skal visst ha gjennomlevt over 40 istider – om ikkje fleire.

Eg spurde meg fordi kystlinja i vår tid blir fylt opp i eit tempo som må vere like stort som det isbreane i si tid grov i. Held vi fram i same tempo, vil Storfjorden for lengst vere utfylt i løpet av dei neste 2902 millionar åra.

Eg har forresten rekna på det. Med utgangspunkt i at Sydvaranger gruve tek ut ca 2 millionar kubikkmeter med malm og stein i året og at Melshornet er på om lag 3,5 milliardar kubikkmeter, har eg sausa meg fram til at Melshornet vil vere jamna med jorda etter 1.700 år i «sydvarangerfart». Pluss minus. NB: * Eg har nytta formelen for volumet på ein pyramide; grunnflate x høgde delt på 3.

Men tilbake til kvardagen: Sist fredag vart eg invitert som deltakar på laget Qviskrarane under Sans Pub sin quiz-kveld. Dei trong ein kar som kunne ta seg av sport, lokalhistorie, salmar og 60-talspop.

Men alt tidleg på kveld innsåg eg at tida hadde gått frå meg. «Kven sin hjelpar er Robin?» «Rett svar: Batman». Eg har aldri hatt med Batman å gjere, heller ikkje med filmar og filmstjerner etter 1969-filmen «Asfaltcowboy» med Dustin Hoffman.

Det var ikkje akkurat min tidsprofil denne kvelden, og eg var mildt sagt til lite hjelp. Men då det siste spørsmålet kom, retta eg ryggen, for oppgåva var å nemne to lokale og aktuelle filmar. «Ishavsblod» var grei, men i tillegg visste eg om «Dragens fange», norsk-russisk co-produksjon.

- «Dragens fange», sa eg derfor.

Eg har aldri sett inn i så mange vasne blikk.

Eg forstod straks at dei færraste av dei hadde fått av seg bleiene då filmen vart innspela i Almestranda i 1985.

Seinare fekk eg også bragt på det reine at quismasteren var sju år den gongen.

Dermed rusla eg heim før det endelege resultatet var klart.

Så … tett på midnatt kjem ei melding i telefonen. Nokon har vippsa 230,- kroner. Qviskrarane hadde vunne 1.-premien, som i sann broderleg ånd vart delt likt mellom deltakarane.