Er staden der baug bryt båre klar til å ta ballen NRK kastar med storsatsinga «Hjemmebane»? Denne veka starta innspelinga av tv-serien. Ein stab på seksti personar har valt Ulsteinvik som oppstaksstad for ein dramaserie om landets første kvinnelege fotballtrenar på elitenivå.

Den ti episodar lange serien skal visast på NRK i beste sendetid,  og både namnet Ulsteinvik, Høddvoll, verfta, naturen og privathus kjem til å verte kraftig eksponert.

Er vi klar over kort stort dette er? Rett nok kom prosjektet litt skeivt ut, då det fekk skulda for at Hødd måtte avlyse ein planlagt fotballcup for born.  Men er vi klar over kort stort dette kan verte? Produsenten av serien sa til Vikebladet/Vestposten  denne veka at det er fantastisk vakkert her og at bygda truleg må rekne med stor interesse frå turistar når serien vert vist på tv frå mars neste år.

Det er nærliggande å dra parallellar til NRK-serien «Himmelblå» som gjekk på tv for nokre år sidan. Den vesle øya Ylvingen på nordlandskysten, der serien vart spelt inn, hadde femten tusen turistar innom det året første sesong vart vist på tv. «Hjemmebane» kjem til å ha ein marknadsføringseffekt som er vanskeleg å måle i pengar.  Spesielt kulturavdelinga i Ulstein kommune bør difor ha ein plan for korleis ein skal takle den auka interessa som ettet alt å døme kjem. Også større reiselivsaktørar, som Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, bør kome på bana.

Så kan ein alltids kritisere serieskaparane for ikkje å la fleire lokale talent få prøve seg framfor kamera. Og det er fristande å dele ut eit gult kort til produksjonen. Ikkje for filming, men for ikkje å ha gitt serien ein nynorsk tittel: «Heimebane».