Det er nesten umuleg å bu i Norge utan å få stønad frå folketrygda. Har du vore sjuk, fødd barn, vore arbeidsledig eller berre blitt pensjonist, så er også du ein trygdemottakar. På nyåret var det femti år sidan ordninga vart sett ut i livet. Er folketrygda ein sprek jubilant eller er det tid for slankekur?

Den skandinaviske velferdsmodellen har god klangbotn mange stader i verda, og vi ser at progressive krefter m.a. i USA har oppdaga den tilsynelatande spreke 50-åringen. Ordningane bidreg heilt tydeleg som stabiliserande faktor i eit yrkesliv prega av stadig raskare omstilling og produktivitetspress. Den sterke oppslutninga om den norske folketrygda skuld-ast truleg det ideologiske fundamentet til ordningane og at det overordna målet for velferdsstaten framleis ligg fast: Flest muleg skal forsørgje seg ved inntekt frå eige arbeid. Dei som av ulike årsaker ikkje kan forsørgje seg sjølv skal bli fanga opp av ordningane i Folketrygda. Desse må vere formålstenlege og treffe målgruppene godt for å sikre legitimitet.

Det var brei politisk semje i etterkrigstida om at eit trygdesystem måtte utviklast. Formålet med Folketrygda var å samle dei ordningane som var etab-lert fram til 1967, slik som til dømes industriarbeidartrygd, barnetrygd og uføretrygd. Desse fekk plass i Lov om Folketrygd og med felles finansiering dette året, og fleire ytingar kom til utover 70-, 80- og 90-talet. Pensjonsalderen vart sett ned til til 67 år i 1973, så kom full løn under sjukdom i 1977, og på åttitalet var det særskilt fødsels- og foreldrepengar som fekk plass.

Slik har Folketrygda blitt ei rik samling av ordningar. Den største posten i Folketrygda sitt budsjett er alderspensjonen. Denne utgjer vel 220 mrd årleg og er ei viktig inntektskjelde for alle våre eldre. Den nest største posten er uføretrygd på ca 80 mrd. Så har vi sjukepengar og arbeidsavklaringspengar og ein del andre mindre ordningar. Sjølv om barnetrygda og kontantstøtta formelt ikkje er ein del av folketrygda, er desse tek-ne med her. Til saman summer-er dette seg til nærare 500 mrd årleg, godt over ein tredjedel av dei samla offentlege utgiftene for Norge.

Det ligg klart i dagen at å motta ei trygdeyting i Norge har blitt nokså vanleg i arbeidsstokken. Særleg dei ytingane som erstattar arbeidsinntekt anten på grunn av helseproblem, arbeidsløyse eller arbeidsavklar-ing, er store. Sjølv om Norge har av dei høgste sysselsettingsratene i verda, er det stadig fleire som hamnar på varige passive ytingar.

Så kva er utfordringane denne 50-åringen no står overfor? La oss først slå fast at dette er ein sprek 50-åring, som framleis har livets rett. Men forholda i Norge har endra seg betydeleg sidan dei første ordningane såg dagens lys. Vi treng stadig å iverksette reformer som gir treffsikker og føreseieleg folketrygd også i framtida.

Det er særleg tre utviklingstrekk som gjer at vi bør tenke nytt om folketrygda. For det første har alderssamansetninga i befolkninga endra seg dramatisk. Då folketrygda vart innført i 1967 var det mange som betalte inn i ordninga og få som fekk pengar ut. Dette er no snudd heilt på hovudet og endrar det finansielle grunnlaget for folketrygda på ein nokså dramatisk måte. Sjølv om ein del reformer er iverksette for å tilpasse folketrygda, ser det ut til at dagens ordningar er klart underfinansierte allereie om 15-20 år. Det er altså opplagt behov for å gjere dels upopulære tilpassingar for å sikre berekraft også inn i framtida. Så langt er det kun pensjonsreforma frå 2009 som har bidrege i den retning.

Ei anna utfordring er utbreiinga av uføretrygd, som har auka kraftig særleg frå 90-talet. Ein aukande del av arbeidsstokken er parkert heilt utanfor arbeidslivet gjennom ei rein inntektssikring. Uføretrygd er sjeldan noko folk drøymer om å få. Dei fleste har eit klart ønskje om å vere i arbeidslivet og i aktivitet. Like fullt – auken i varige passive ytingar framstår som den største fallitten til dagens folketrygd – at vi ikkje får til å nytte ein større del av arbeidsevna til dei av oss som er heilt eller delvis uføre, men som også ønskjer å jobbe. Å designe eit system som er meir fleksibelt, og der arbeid og trygd kan kombinerast, blir viktig og dette hastar om 50-åringen skal unngå andenød. Folk som har helseproblem må få mulegheit til tilpassa arbeid med kombinasjonar av løn og trygd. Slik kan vi kanskje få brukt meir av dei arbeidskraftsressursane som i dag går til spille fordi mange er definerte som heilt arbeidsuføre. Her har både offentleg og privat sektor eit ansvar.

Eit tredje område som kan hindre at vår nokså spreke 50-åring kollapsar, er aktivitetsplikt i byte mot ulike økonomiske stønadsordningar. Stortinget har allereie vedteke innføring, og formålet er å styrke den enkelte si mulegheit til å kome i arbeid og etter kvart forsørgje seg sjølv. Kommunar som har praksis for å stille slike krav, kan vise til gode resultat. Det er å håpe at veksten i unge på passive stønader vil flate ut og helst går ned som følgje av aktivitetsplikt og andre tilsvarande tilpassingar.

Det er store omstillingar i norsk arbeidsliv, og det føregår i stort tempo verda over. Arbeidsplassar blir lagt ned og folk må tilpasse seg ei globalisert verd, og ikkje alle klarer å henge med. Det skjer både langs det oljedopa Vestlandet og det skjer til dømes langs rustbeltet i USA. Når dei som fell utanfor i desse omstillingane misser tryggleik, og sjølve må bere kostnaden, så skaper dette store utfordringar og sosial uro, spesielt blant grupper som i utgangpunktet er sårbare. I Norge spelar folketrygda ei viktig rolle som stabiliserande faktor, både for dei som i ein mellomfase kan heve arbeidsløysetrygd, men også dei som endar opp med ikkje å klare omstillinga. Senator Bernie Sanders har forstått at i Norge treng ikkje denne gruppa å stå i vegkrysset med hua i handa og be om ein slant til mat, slik dei gjer overalt i hans heimland. Vi skal vere takknemlege for og stolte over å ha bygt eit system som hegnar om alle. Gratulerer med jubileet og lukke til med dei neste femti!