Denne sommaren har eg tenkt meg nordover. Eg skal atter ein gong til min barndoms paradis, perla i Vesterålen, Meløya. Eg gler meg som ein unge til pannekakene og kjøttsuppa til farmor, som alltid tek imot oss med opne armar og kjærleik.

Der på den vesle øya, som ligg eit par solide steinkast utanfor Alsvåg i Øksnes kommune, får eg verkeleg ro i sjela. Der kan eg nullstille meg, kome meg vekk frå kvardagens kjas og mas, og berre vere.

Eg unner alle ein slik stad. Ein stad der tankane om alt ein må gjere eller skulle ha gjort slepp taket, i alle fall for ei stund.

Når eg kan setje meg i solstolen på verandaen der, og speide utover myrlandskapet som bognar av moltebærbusker, ja, då kan eg verkeleg kople av. Det er noko med lufta, med den store, opne himmelen, og den salte lukta frå havet. Det gjer noko med meg.

– Trå mjukt, pust fredeleg, le hysterisk, sa Nelson Mandela ein gong. Mannen som blei eit tydeleg og samlande symbol på fridom og likeverd, både i heimlandet Sør-Afrika, men også i verda elles, har inspirert millionar av menneske med sitt syn på livet. Utan noko form for samanlikning elles har eg også byrja å tenkje meir som Mandela. Ein sunn lekam fungerer ikkje utan eit sunt hovud.

Farmor Lynghild er eit av mine andre store idol. Ho er den eg kjenner med den mest smittsame latteren og det varmaste smilet. Eg er garantert latterkrampe kvar gong vi møtest, og like garantert må eg tørke tårer når vi skilst. I sommar fyller denne fantastiske dama 95 år. Sjølv om kroppen har byrja å spakne noko og ting blir tyngre med åra, held ho humøret oppe.

– Ein god latter forlengjer livet brukar ho å seie. Eit ganske så vanleg uttrykk eigentleg, men når det kjem frå henne, veit eg at det er heilt sant. Gjennom eit langt liv har farmor Lynghild gledd mange, og den dag i dag har ho vener og kjende over heile verda som set stor pris på henne.

Eg ønskjer å ære farmor, og alle andre humørspreiarar eg kjenner, ved å vere den beste utgåva av meg sjølv. Det er ikkje ei enkel oppgåve, spesielt når livet frå tid til anna er ekstra tungt, men eg veit at eg får så uendeleg mykje meir igjen av å vere positiv enn negativ. Farfaren min, Ottar, døydde før eg var fødd, men alt det gode ho har fortalt meg om han gjer at eg føler at eg kjenner han likevel. Ho har levd åleine så lenge eg har vore i live, men likevel føler eg at ho aldri er åleine. Hennar gode humør og enorme livsglede har skjenka henne det viktigaste av alt; ein familie og vener som er svært, svært glade i henne.

Ein veit aldri korleis livet blir i framtida, og ein veit aldri kva som vil skje med ein sjølv eller dei rundt ein. Som også farmor er fullt klar over, har ho no nådd ein formidabel alder. Eg er ikkje uroa for at ho skal forlate oss med det første, men eg tenkjer jo tanken til tider. Døden er trass alt det einaste vi veit vil kome for oss alle.

Difor er det viktig å leve kvar einaste dag vi har på denne planeten til det fulle. Det betyr først og fremst at vi skal ha det bra med oss sjølve.

No tel eg dagane til eg kan setje meg på flyet nordover igjen. Til eg på ny kan fylle på energi, og puste skikkeleg ut.

Alsvåg, med Meløya bak. I det fjerne ser ein Andøya. Ser ein godt etter, kan ein sjå eit lite gult hus ute på Meløya. Der har forfattaren av denne Go'dagen mange gode minner frå. Foto: Jan Høgstavoll.