Det er lett å snakke om inkludering i festtalar. I praksis kan det vere vanskelegare å få til.

Hareidlandet skal ta imot 35 flyktningar i år. Tolv skal busetjast i Hareid, 23 i Ulstein. Busetjing og integrering er ei kommunal oppgåve, noko som mellom anna inneber ein plass å bu og opplæring i norsk språk og samfunnsliv.

I dagens avis møter du nokre av flyktningane som er busette i Hareid og Ulstein. Felles for alle er at dei truleg vert buande her i mange år, kanskje resten av livet. Vi kjem til å ha dei som naboar, møte dei på butikken og som foreldre i barnehage, skule og fritidsaktivitetar. Nokre er høgt utdanna frå heimlandet, andre har knapt gått på skule.   Nokre lærer norsk raskt, andre treng lenger tid på å lære seg språket vårt. Å forstå og å kunne bruke språket der du bur er ein viktig føresetnad for å verte integrert. «Språkpraksisplass» er difor eit ord dei busette flyktningane lærer fort.

Målet er at dei skal få seg jobb og verte økonomisk uavhengige. Det gagnar ingen at dei som flyktar frå heimlandet sitt til Hareidlandet ikkje får ein sjanse til å øve seg både på å arbeide og å snakke norsk. Difor er det gledeleg at mange arbeidsplassar, både private og offentlege, dei siste åra har teke imot flyktningar ein dag eller to i veka.

På same tid er det skuffande at det er vanskeleg å finne nok slike praksisplassar, som faktisk ikkje kostar bedriftene ei krone. For integrering handlar om noko meir enn eit kommunalt ansvar. Det handlar om at alle må ta i eit tak for at flyktningane skal verte ein del av og fungere som aktive borgarar i det norske samfunnet, også her i Hareid og Ulstein.

Vi kan til dømes sjå på det som ein dugnad for inkludering.