Eit arbeidsliv er langt. Svært mange opplever å vere utan arbeid i korte eller lange periodar. Kvifor er det då så vanskeleg å snakke om det å vere arbeidsledig?

Tal frå NAV viser at det no er 420 personar heilt utan arbeid i Hareid og Ulstein. I tillegg er 106 delvis arbeidsledige. Det er 526 menneske, det. Dei fleste kjenner nokon som står i denne statistikken frå NAV. Men kvar er dei alle saman? Kvifor høyrer vi ikkje meir frå og om dei? Kvifor er dei ikkje meir synlege?

Vikebladet Vestposten har den siste veka snakka med mange som er heilt eller delvis utan jobb. Svært få har lyst til å stå fram med namn og fortelje korleis dei opplever kvardagen. – Det er ikkje så kjekt å snakke om at eg er utan arbeid, mange trur det er noko feil med dei som ikkje jobbar, var det ein som sa.

Han er ikkje åleine om å føle det slik. Nokre peikar på at det er flaut å ikkje ha eit arbeid å gå til. Andre fortel at sjølvkjensla fekk ein knekk då jobben forsvann.

Kvifor er det slik? Lever vi i eit samfunn der fasade betyr så mykje at det ikkje går an å snakke om det som er vanskeleg? Er vi så opptekne av det perfekte at vi ikkje klarer å ta innover oss menneska bak NAV-tala?  Er arbeidsløyse eit tabu, ein slags utanforskap?

Den nye NAV-leiaren i Hareid og Ulstein har ei stor oppgåve framom seg, saman med dei andre tilsette.  I dagens avis møter du han og to som fortel om kvardagen utan jobb.

Det er ikkje ei skam å vere utan jobb. Det kan ramme kven som helst, dei fleste bransjar. Hareidlandet har den høgaste arbeidsløysa i heile Møre og Romsdal. Det er ikkje fordi arbeidstakarane her har dårleg arbeidsmoral.