Arnar og Mia. Det er to namn som har sett seg fast hos dei som såg Brennpunktprogrammet om mobbing sist veke. NRK formidlar to hjarteskjerande historier frå Karasjok og Oppegård om ein gut og ei jente som vert plaga av andre born. Tv-bilda viser kor øydeleggande mobbing er.

Spørsmålet som sit igjen er: Kvifor klarer ikkje vi vaksne å hindre at born krenker andre born? Mobbing er eit av dei mest gjennomdiskuterte tema i den norske skulen. Likevel skjer det igjen og igjen, vi klarer ikkje å verte kvitt mobbing. Denne veka fortalde Aftenposten at nesten 100 mobbesaker i skulen er melde til politiet dei siste fem åra.

1. august i år vart nulltoleranse mot mobbing lovfesta i Noreg. Regelverket om skulemiljø vart endra, og elevar og foreldre som meiner skulen ikkje gjer nok for å stanse mobbing, kan ta direkte kontakt med Fylkesmannen. I tillegg skal alle som jobbar i skulen sikre at elevane har det trygt og godt i skuletida.

Arnar og Mia. Alle foreldre og dei som jobbar med born bør sjå denne dokumentaren. Det bør også dei som er skuleelevar. Det er naivt å tru at det ikkje går føre seg mobbing på skulane også i Hareid og Ulstein. Kan vi som er foreldre med handa på hjartet seie at vårt barn ikkje plagar andre?

I neste veke kjem domen frå lagmannsretten, i saka mellom Ulstein kommune og Glen Børge Løset Flø. I tingretten vart kommunen dømd til å betale erstatning for ikkje ha gjort nok for å hindre at Flø vart mobba. Kjem lagmannsretten til same konklusjon, vil Ulstein kommune i lang tid vere knytt til mobbing.

Det stempelet kan det verte vanskeleg å kvitte seg med.