I dag vil eg skrive om latskap og i kva grad latskap er å foretrekke i visse situasjonar.

Som intro til temaet kan eg nemne ei sann historie om ein lokal kordirigent, som var undervegs i bil til ein korkafé der heile koret skulle stille i svarte sko. Undervegs oppdaga dirigenten at skorne som låg og trykte på gasspedalen, var brune. Han snudde – visstnok ved Dragsundbrua – og reiste heim for å få på dei svarte skorne. Men no hadde han fått det noko bråttom og trykte altfor hardt på gasspedalen. Og uheldigvis stod onkel politi bak neste sving – med radar.

Meir vil eg ikkje røpe, anna enn at skoskiftet ikkje var verdt bota og alt det andre som påkom.

Mine skoutfordringar er av ein annan art. Dei går blant anna på det som eg nemnde innleiingsvis; latskap – i tillegg til tidsbruk og risikoen for å få prolaps i dei nedre ryggvirvlane.

Kvar gong eg skal forsere ein av dei tre dørtersklane i huset vårt legg eg desse tre momenta i vektskåla.

Eg har ikkje sko med borrelås. Samtlege – med eitt unntak - er lissesko med ganske lange lisser. Så lange at eg alltid knyter dei dobbelt for å unngå at dei glir opp.

Når eg så kjem trøytt og mo heim frå ein tur i hei og strete med dobbelknytte lisser, er det svært så fristande å berre hake av skorne i hælen utan å løyse lissene. Eg gir såvel latskapen som tidløysa ein sjanse.

På den måten kjem eg raskt over i annan aktivitet, men ulempa er at det er eit heilt rabalder å løyse dei dobbelknytte lissene neste gong eg skal ut av huset. Dei har nemleg stått ei heil natt og herda seg.

Problemet er særleg presserande når eg nettopp har knytt lissene og gått ut i hagen for å jobbe og kjem på at eg har gløymt noko inne i stova for så å oppdage, når eg har teke av meg skorne og er komen inn i stova, at det eg ”gløymde” låg i lommene mine. Det blir 3 X med lisseknyting i eitt og same ærend.

Dette med prolaps kan høyrest ut som eit vikarierande motiv, men det er eit faktum at prolaps i ryggen ofte oppstår når du skal knyte eller løyse skolissene. Du skal langt ned med hendene – og blir lett nonsjalant og gløymer å bøye knea.

Denne hausten har eg gått for halv maskin i 3-4 veker fordi eg ein dag i august bøygde meg framover utan å samtidig bøye knea.

Som du forstår; eg går og tel på knappane om eg neste gong skal handle borrelås. Alternativt tukte latskapen.