Det er etterlyst dokumentasjon på demokratiproblema i Ulstein. Det er allereie gjort greie for korleis oppspelet til demokratidebatt i siste spørjetime utvikla seg til å verte eit døme på demokratiproblem. Her er eit lite knippe med andre ferske eksempel.

Vi kan starte med noko anna frå siste kommunestyremøtet. Under meldingssaker vart det gjort vedtak i ei sak som ikkje stod på saklista. Det vart heller ikkje foreslått å sette saka på saklista. Dette er brot på reglane både i kommunelova og i kommunestyret sitt eige reglement. Dette er reglar som skal sikre at handsaminga av saker i kommunen skjer i ordna former og i samsvar med veletablerte demokratiske prinsipp.

Eg gjorde ordføraren merksam på feilen og forklarte korleis ein måtte gå fram. Det  tok han ikkje omsyn til. Dermed vart det under meldingssaker, der det ikkje høyrer heime å gjere vedtak, likevel gjort vedtak om å ta omkamp om plasseringa av brannstasjonen. Denne saka vert kanskje sendt til Fylkesmannen for kontroll av om vedtaket er lovleg.

I lokalavisa for 28. oktober kan vi lese at det er inngått leigeavtale for kulturkontoret. Saka har ikkje vore handsama politisk, men det skal ha vore gitt ei munnleg orientering i formannskapet. Lokalavisa klarer ikkje å finne spor av saka i protokollane.

Eg har som tidlegare vararepresentant til formannskapet opplevd at administrasjonen heilt mot slutten av møtet, gjerne etter at eventuelle journalistar har dratt sin veg, tek opp saker som ikkje står på saklista og ber om signal. På denne måten blir det starta opp nye saker og gitt politiske føringar til eksisterande saker. Det er ikkje sjølvsagt at dette viser att i protokollane.

Ved eit høve tok eg opp dette og gav uttrykk for at det var uheldig. Då vart eg tvert avvist av dåverande rådmann. Han ville halde fram med praksisen. Ingen av dei andre som då var i formannskapet reagerte. Det er såleis mogeleg at saka som lokalavisa har avdekt ikkje er eineståande, men døme på ein etablert og ynska praksis. Ein kan sikkert bruke mange ord for å karakterisere dette, men demokratisk er det ikkje.

Den noverande ordføraren køyrer mest alle saker gjennom formannskapet. Dette trass i at sakene som hovudregel skal gå via fagutvala direkte til kommunestyret. Ordføraren sin særeigne praksis førte nyleg til at formannskapet handsama saka om omsorgsbustader på Ulshaug før levekårsutvalet. Kontrollutvalet har i sitt siste møte kritisert episoden.

Ulstein Kommune er blitt kritisert for å unnta dokument som gjeld Arena Ulstein frå offentleg innsyn. Kontrollutvalet følgjer no dette prosjektet tett, men så langt eg kan sjå aksepterer utvalet utan vidare at dokument vert unnatekne når administrasjonen ber om det. Dette sjølv om det vert nytta feil heimel. Eg ser ikkje spor i protokollane av at kontrollutvalet gjer eigne sjølvstendige vurderingar av om unntaka er naudsynte eller at heimlane er rett nytta.

Skal kontrollutvalet bidra til at publikum får tillit til kommunen, er det nok føremålstenleg at dei som sit i utvalet vert oppfatta som upartiske i dei saker utvalet ser på. Det vil til dømes vere uheldig om nokon i utvalet har vore svært aktive i den politiske handsaminga av saker som utvalet seinare blir bedt om å sjå nærare på. Slikt kan skape grobotn for mistankar om at utvalet «kvitvaskar» elles kritikkverdige tilhøve.

Å peike på problem og vise kva som kan bli betre er ikkje baksnakking. Nei, det er naudsynte føresetnader for framsteg. Det er mitt inntrykk at demokratiproblema i Ulstein Kommune botnar i manglande forståing og respekt for roller og oppgåver. Folkevalde og administrasjon må kunne ha krav og forventningar til kvarandre og ha ein så open og fri dialog seg imellom at dette kan kommuniserast. Det handlar om å spele kvarandre gode.

La det likevel ikkje vere tvil, det er dei folkevalde i kommunestyret som har mynde og dermed ansvar for å få på plass forbetringane – det inngår i oppdraget frå veljarane.

Håkon Waage

Ulsteinvik