Torsdag den 23. november vart mot til å glede-dagen markert mange stader i landet, også i Ulsteinvik. Eg håper mange spreidde ekstra mykje glede denne dagen- og at også du vart gleda ekstra. Det er fint med slike markeringar, men eg håper at vi kan ha det slik også i den vanlege kvardagen.

Når eg høyrer bry deg, så tenker eg automatisk på mot til å bry seg og på MOT sine verdiar. MOT vil eg seie handlar om at ungdom hjelper ungdom, og at små ting som eit lite smil og eit hei kan gjere ein stor forskjell. MOT handlar om å vise at ein bryr seg om andre.

Første gong eg høyrde om MOT og MOT sine verdiar var i 7. klasse og allereie då visste eg at dette var noko eg ville vere med på. Eg har sett at ein liten ting kan gjere ein stor forskjell for nokon. Eg har lært at vi ikkje må førehandsdømme, men faktisk ta oss tid til å bli kjent med folk. Eg har lært at eg kan skape ein dominoeffekt og at vi treng berre eit lite dytt. Eg har sett at ein kan ha ei ganske stor makt over andre sitt liv, og at eg har ganske stor makt over mitt eige liv også.

MOT handlar om at man ein vere der for ungdom og at ungdom skulle vere der for kvarandre, sånn at færre ungdom skulle gå i fella og bli av henging av dop og andre rusmiddel. Vi kan sjå at MOT sitt arbeid har verka og har gjort forandringar på skular som har MOT. Det er mykje lettare enn ein skulle ha trudd å gå i fella. Som eg sa var mitt første møte med MOT i 7., men då betydde MOT sine verdiar noko heilt anna og eg leste ikkje så mykje mellom linjene. No er det cirka 4 år sidan eg fekk vite om MOT og eg ser kor stor verknad det kan ha på personar, og at det står så mykje meir bak dei få orda.

På ungdomsskulen når vi hadde MOT-timar så var der forskjellige øvingar vi gjorde som skulle vise effekten av kva vi gjorde kunne påverke andre. Når vi gjorde sånne øvingar så blei vi på ein måtte påverka utan å kanskje tenke over det. Vi fekk eit innblikk i korleis andre kan ha det, og at det ikkje er like enkelt for alle.

Det verkar kanskje veldig enkelt, å det kan det vere, for å smile og seie hei til nokon krev ikkje mykje energi eigentleg. Men for nokon så kan eit smil vere alt, det kan lyse opp dagen. For deg som gir var det kanskje nesten ingenting, men for den som tar i mot kan det vere alt. Viss vi skal sette det litt på spissen så kan det smilet vere det som får personen gjennom ein dag til, at ein endeleg kan sjå lys i enden av tunnelen. Noko så enkelt kan gjere så mykje.

Det er jo i teorien ganske enkelt å smile og seie hei, men det kan vere veldig enkelt å gløyme med. Eg legg sjølv merke til at eg ikkje hugsar det sjølv, og i alle fall viss eg er sliten eller i dårleg humør. Men eg kan også legge merke til at visst eg får eit lite smil frå nokon så kan dagen bli litt betre, og får nesten same effekt visst eg gir eit smil. Å gi eit smil til ein framand kan gjere veldig mykje du ikkje veit.

Slik som eit lite smil kan gjere ein så stor forskjell, så kan også eit stygt blikk eller ei feiltolking av ei kroppsrørsle ha stor påverking på ein person. Det er så enkelt å bruke bitchblikket utan å meine det. Det var kanskje ikkje meininga, men det kan ha blitt tolka helt feil av mottakaren. Små ting gjer ein stor forskjell, man har meir makt enn vi trur. Dei små tinga som vi ikkje tenker over kan gå langt inn i ein person

Kanskje det å begynne å reflektere over korleis du brukar kroppsspråket ditt, sånn at du verker som ein meir open person. Det kan vere ting som når du går og snakkar med vennene dine, så lukkar du kanskje ikkje ringen, men lagar ein halv sirkel i staden, sånn at det er enklare for andre å bli inkludert. Det er små ting, men dei kan vere vanskeleg å hugse på, så vi burde legge inn ein ekstra innsats.

For dei som har hamne litt utanfor har ofte ikkje hatt det så bra, og da er det kanskje enklare å begynne med rusmiddel i ein tidleg alder. Men visst dei har nokon som viser at dei bryr seg er det enklare å halde seg unna rusmiddel. Dei fleste som begynner med rusmiddel veit at dei ikkje akkurat er heilt seg sjølv, og dei fleste har det kanskje meir gøy, og gløymer litt den verkelege verda.

Det å vere der for andre har ein positiv verknad på seg sjølv. Veldig mange i dag er ganske sjølvopptatt og er ikkje så interessert i kva som skjer rundt seg. Det er jo på ein måte enklare å leve eit egoistisk liv for du tenker berre på deg sjølv og dine næraste, men vi kan jo ikkje leve slik. Vi kan ikkje gå rundt og late som om du og din familie er dei einaste som betyr noko og at resten jobbar for dokke. For det er ofte sånn at vi tenker ikkje på andre, tenker berre på oss sjølve og våre problem. Ja sjølvsagt er det normalt å vere sjølvopptatt, for alle er det og det er kanskje ikkje alltid så lett å vere der for andre. «du skal ikkje tole så inderleg vel den urett som ikkje rammer deg sjølv» dette ordtaket står på ein av veggene på skulen min, og det er sant. Det fall ikkje inn naturleg å begynne å grine fordi om du ser på TV-en at folk lid og dør på grunn av svolt. Når vi ser noko sånt er det fort gjort å tenke stakars og så gløymer vi det. Det fall ikkje inn det å begynne å grine kvar gong noko forferdeleg skjer, men det kan no hende at du kan gjere ein liten forskjell.

«ingen kan redde alle, men alle kan redde nokon», eit helt fantastisk ordtrykk synest eg. Det er jo ofte sånn at vi tenker stakars folk, men eg kan jo ikkje hjelpe. Det er ofte sånn ein tenker, i alle fall viss du er i ein ung alder. Viss du sender eit lite smil til nokon du ser er litt nedfor, eller inkluderer ein som er åleine, så kan det hende at du har gjort ein stor forskjell for den personen og kanskje andre også. Men ein vil jo som regel kanskje ha noko igjen eller eit bevis på at man har gjort noko bra for å få det stadfesta, men det er no ikkje alltid slik. Av og til har ein gjort noko bra og ein får ikkje noko fysisk tilbake, men kjensla du får gjer det verdt det. For ein veit at ein har prøvd å gjere noko bra. Vis at du bryr deg, det kan gjere meir ein du trur.

Anna Natalie Ballo Hov er Ung MOT-leiar, elev i 1.klasse ved Kunst, design og arkitektur ved Fagerlia vidergåande skule. Frå Ulstein. Foto: Ungdomsrådet