New York. Byen som aldri søv. Noko som faktisk er heilt sant. For ein mindre sovande by har eg aldri hatt gleda av å besøke.

Byen som mange ønskjer å dra til, ein eller annan gong i løpet av livet. Eller kanskje reiser ein dit ofte. Somme eg kjenner reiser gjerne dit kvart år, om det lét seg gjere. Etter å ha vore der skjønar eg veldig godt kvifor.

For dit reiste eg i slutten av november, saman med far min og storesøstera mi. Vi er ein trio som er veldig like, for vi er alle opptekne av å sjå oss rundt. Nysgjerrige som få. Ein draum gjekk i oppfylling for oss alle tre, og minne for det som forhåpentlegvis blir eit langt liv, blei skapt.

Dette er fyrste gongen eg har vore i USA, landet der fridomen er sjølve grunntanken bak det aller meste. Der flagget med stjernene og stripene vaiar frå flaggstengene på kvart einaste kvartal.

Det er heilt sikkert andre som har sagt det same som meg, men eg må faktisk innrømme at å gå rundt i denne byen var som å gå rundt i eit einaste stort filmunivers. Eg klaup meg faktisk i armen både ein og to gonger.

Det var nesten som om for lengst avdøde Marilyn Monroe plutseleg skulle dukke opp rundt neste gatehjørne i hennar ikoniske kvite kjole, eller som om ein skummel Robert De Niro skulle køyre forbi i ein av byens segnomspunne gule drosjer. Eller kanskje dukka Woody Allen opp?

Eg har aldri vore ein spesielt stor fan av TV-serien Sex og Singelliv (til motsetning frå veslesøstera mi), men eg fekk faktisk på eit tidspunkt ikkje til å kanalisere ut tittelsongen frå denne serien frå hovudet, der eg gjekk gatelangs i denne fantastiske metropolen.

Allereie fyrste dagen la vi turen innom det som nok var turens høgdepunkt for alle tre. 381 meter høge Empire State Building. Ein gong i tida verdas høgaste bygning, sett saman av 10 millionar murstein, 57,000 tonn stål og hundrevis av kilometer med elektriske leidningar tek pusten totalt frå ein. Det sværaste med dette bygget er eigentleg ikkje sjølve opplevinga av å reise opp til utsiktsetasjen og sjå utover New York. Det sværaste, i alle fall for meg, var å tenkje på alle dei som har bygd dette praktbygget, som verda ikkje hadde sett maken til då det stod ferdig.

Eit bygg stort sett konstruert av immigrantar, eller andre- og tredjegenerasjons immigrantar, som eit symbol på USA sin velstand og vekst. Eit bygg som saman med Fridomsgudinna, som vi også var innom, står som mektige symbol på det USA eigentleg står for. Fridom og likskap for alle. Det er diverre vanskeleg å sjå at dette blir praktisert med dagens politiske leiing i landet.

New York er også ein by av ei heilt unik etnisk samansetjing. På same stad kan ein finne dei mest utruleg kombinasjonar av kulturar, og dei aller fleste ser ut til å leve i harmoni side om side.

Tempoet er også eit heilt anna enn det vi er vande til her heime. Eg er sjølv oppvaksen på bygda, og kjente det i kvar fiber av meg at eg ikkje kunne tenkt meg å bu fast i ein slik by. Men det var veldig flott å ha sett den. For det er noko med det, lukkar eg auga er det nesten som om Times Square, Brooklyn Bridge, Central Park og alt det andre magiske med denne byen for alltid er brent fast på netthinna.

Har du ikkje enno vore der, reis!