Eigedomsskatt

Kvifor så negativ?

Fått att noko for pengane Ulstein kommune har vore framtidsretta og tenkt heilskap. Innbyggjarane har i alle fall fått noko att for pengane når vi nå må ta til å betale eigedomsskatt, skriv Jan Arve Ringstad i dette innlegget.  Foto: Arkiv / Ingvild Aursøy Måseide

Ulstein kommune har mykje å vere stolte av.

Jan Arve Ringstad
Er du for eller i mot eigedomsskatt?
Du må velge et alternativ
Meiningar

Kvifor så negativ, Agnar Dag Ulstein?

No må du sjå deg rundt. Du skriv så negativt om kommunen vår. Ikkje nokon av oss innbyggjarane likar eigedomsskatten, for kven likar vel den..? Det er ei ekstra inntekt kommunen kan innføre viss dei må for å få endane til å møtast, og det er det oss innbyggjarane som må betale.

Ulstein kommune har hatt ei rivande utvikling siste 30 åra og kanskje spesielt dei siste 10-12 åra.

Ulstein kommune har fått til eit av dei finaste og mest funksjonelle kommunesentera på Nordvestlandet (berre sjå på kommunane rundt oss).

Innanfor ein kort radius sentralt i Ulstein finn oss tilbod til både yngre og eldre, innan kultur og sport, på dag og kveldstid. Vil du ta deg ein tur på restaurant for ein middag eller ein tur på pub så er tilboda der.

Slik eg ser det har Ulstein kommune med sin stab fått til mykje på relativt kort tid. Dei har vore framtidsretta og tenkt heilskap. Ta til dømes da Ulstein hotell bygde nytt hotell i sentrum, og Sjøborg og kinoen vart realitet. Av det same fekk oss den sværaste og beste folkehøgskulen i landet. I kjølvatnet av dette fekk også den gamle folkehøgskulen nytt liv og nye funksjonar med det den inneheld i dag. Eg kan nemne Høddvoll, idrettshallen og vidaregåande skule, men vil også sjå over til Saunesmarka med dei funksjonane den har fått, som i dag er eit ettertrakta etableringsområde for bedrifter. Dette fordi kommunen vår har lagt til rette for det også. Vi skal heller ikkje gløyme at i denne samanhengen er det på sin plass å rette ein stor takk til dei store bedriftene i kommunen vår.

Så kan oss ta infrastrukturen som faktisk er veldig gjennomtenkt og godt utført. Vi kan for eksempel køyre ned Holsekerveien (var sjølv med i kommunestyret og bestemte trasevalet for den) og køyre vidare gjennom Sjøgata som også vart veldig bra. Dette gjenspeglar dei fleste vegstrekningane i Ulsteinvik; dei endar til sjuande og sist ned til Sjøgata i sentrum, noko som igjen medfører eit levande sentrum.

Så kan vi gå over på ungdomsskulen. Vi har den nyaste og finaste ungdomsskulen på Sunnmøre.

Ulstein kommune måtte gjere noko med den gamle symje- og idrettshallen til skulane, som var utsliten allereie i mi tid (og det er mange år sidan). Det at Arena Ulstein som er bygd så sentralt i forhold til skule og sentrum, i tillegg til dei andre fasilitetane nemnt tidlegare, gjer til at folk og bedrifter vil etablere seg i kommunen vår, noko som igjen medfører auka skatteinngang.

Tenk deg om, Agnar Dag Ulstein, når du må betale eigedomsskatten. Du har i alle fall fått noko igjen for den, i motsetning til vår naboar som har betalt eigedomsskatt i nokre år allereie og ikkje har fått noko igjen for den.

Avslutningsvis vil eg nemne at Ulstein kommune har mykje å vere stolte av. Ulstein kommune har klart å profilere seg positivt også utanfor kommunegrensa. Dette har ført til at uansett kvar ein fartar rundt og ein nemner at ein er ifrå Ulstein kommune, så har dei ein snakkar med høyrt om Ulsteinvik og veit kvar Ulsteinvik er på kartet.