Mange ungdommar i dag bryr seg berre om status og om å ha dei dyraste kleda. Eg kan sjølv innrømme at eg og føler det slik av og til, men vi lever i eit samfunn der dette ikkje er unormalt. Vi lever i eit samfunn der ein blir sett på som sjølvgod dersom ein er fornøgd med seg sjølv, det verkar som om det er ein evig konkurranse om å ha det perfekte liv, men eg trur eigentleg vi har misforstått kva perfekt er.

Kvar morgon står eg og mange andre opp, ser oss i spegelen og er redde for å ikkje vere bra nok, redde for å ikkje ha dei dyraste, nyaste kleda. Så held vi fram inn på badet for å vaske oss, og bruke alle dei dyre produkta for at ansiktet skal sjå finast og mest naturleg ut. For mange jenter går morgonen bort ved sminkebordet, fylt opp med all den dyre sminka som ein ikkje brukar halvparten av ein gong.

Vi tenkjer nøye gjennom kva vi har på oss, om vi ser bleike ut i fargane eller om mønsteret på genseren får oss til å sjå feite ut. Og eg er ikkje i tvil om at også mange gutar føler presset! Eit press om å ha ein slank og muskuløs kropp, dei kjenner og på mykje av dei same variantane av press som jentene.

Deretter går vi heile dagen og tenkjer over alt vi gjer, korleis vi smiler, snakkar, går og ikkje minst kva vi et. Alt dette om att og om att kvar dag, fordi eit bilete, eit ideal av den perfekte person, den perfekte kropp, eller korleis den perfekte vennen skal vere.

Eg seier ikkje at alle har det slik! Forhåpentlegvis er det mange som er nøgde med seg sjølv og som ikkje bryr seg om andre sine meiningar. Eg er einig i det Sofie Larsen skriv i artikkelen “Kva er suksess?” i Aftenposten der ho snakkar om press og det å vere mett på livet. Blant anna stod der følgande: “På sosiale medium og i samfunnet får vi ungdom, spesielt jenter, oppleve det forferdelege kroppspresset. Du skal ha rette klede, passeleg med sminke og ein perfekt kropp. Gutane skal ha musklar, voks i håret og fine klede. Det finst kurar, maskinar og produkt for å hjelpe oss til å oppnå nettopp dette. Kvifor kan ikkje alle bere godta kvarandre for den vi er og for korleis vi ser ut?”

Alle er svoltne på lykke, popularitet og kjærleik, men veit vi eigentleg kva det er? Fleire av dykk som no sit og les dette er nok stappmette på skule, mette på jobb, mette av press, kroppspress og mange andre variantar av press. Eg vil at alle skal tenkje ekstra godt over kven vi sjølv er, eller prøve å finne det ut. Ikkje ver som alle andre, ver unik. Ikkje følg straumen og ikkje bli med på noko du ikkje har lyst til. Hugs alltid på å vere den beste utgåva av deg sjølv.

Eg skulle ønske at alle følte seg trygge på å gjere det dei vil. Vi sit no i 2018, som den nye generasjonen, vi får stadig vekk høyre om at vi ein dag skal styre verda, at vi må gjere det bra på skulen slik at vi får ein bra jobb, at vi må gjere foreldra våre stolte, og mange andre ting som bygger seg opp til eit anna press. Vi sit dagleg og jobbar med ting på skulen, og mange får ikkje lært stoffet av ulike grunnar. Mange går heim med hovudverk etter skulen og må starte på lekser med ein gong. Vi stressar oss gjennom kvardagen og tenkjer over alt vi ikkje får gjort.

Det synest eg er utruleg dumt, at vi i 2018 enno ikkje har lært oss å roe ned litt. At vi etter så mange innlegg om å akseptere seg sjølv og å vere glad i sin eigen kropp, så sit vi framleis her og les artiklar og innlegg for å finne ut korleis ein skal bli glad, korleis ein skal finne kjærleik og ikkje minst korleis få eit fantastisk liv. Problemet her er at dei fleste les og tenkjer at dei skal gjere akkurat dette, men gjer ingenting og tenkjer i staden dårleg om seg sjølv og livet sitt.

Det har blitt eit utruleg sterkt fokus på det negative som skjer, det negative folk gjer og dei negative kjenslene vi alle føler på av og til. Vi pirka alle på andre for å føle oss betre sjølve. Sanninga er jo at vi alle gjer ting som vi hadde pirka på dersom det var nokre andre som gjorde det. Og dette er heilt feil innstilling og feil måte å oppføre seg på. Det burde ikkje vere slik at vi snakkar ned andre for å få betre “status” sjølve.

Eg meiner difor at vi alle burde ta oss sjølve litt i nakken og prøve å endre haldninga vår og tenkje meir positivt enn negativt. Der er sjølvsagt mange som allereie gjer det, men det er alt for få av dei. Vi burde slutte med baksnakking og utestenging. Vi burde også slutte å syte, for vi har det ærleg talt mykje betre enn mange andre i verda. Vi bur i fantastiske Norge og har tak over hovudet, mat, og i tillegg masse andre unødvendige ting som vi eigentleg ikkje treng. For 100 år sidan levde folk på heilt andre måtar, og likevel hadde dei det bra, og her sit vi og syt over at vi ikkje får tak i den nyaste telefonen eller det dyraste og finaste av klede.

Det er mykje ein kan gjere, til dømes å heller seie fine ting om folk enn negative, og å sette pris på det du har i staden for å vere deppa for det du ikkje har.

Noko av det viktigaste ein kan gjere er å ta seg tid til seg sjølv. Still deg framfor spegelen kvar morgon og sei tre ting du likar ved deg sjølv, smil til dei du møter på, og ta ein frikveld ein gong i blant.

Lag ein fin dag!

Foto: Privat