Ein Grimsting i Alta vil ha oss til å byggje ny kyrkje i Ulstein.

Her er nokre opplysningar om Alta og Ulstein. Alle tal er for 2016.

Alta har omlag 20 tusen innbyggjarar, Ulstein har omlag 8,5 tusen.

Alta har omtrent 92 tusen kroner i driftsinntekt per innbyggjar. Ulstein har omlag 78 tusen. Ulstein har altså 14 tusen mindre per innbyggjar å rutte med. Alta har eigedomsskatt, justerer vi for den har dei likevel over 10 tusen meir per innbyggjar i inntekter.

Med våre 8,5 tusen innbyggjarar betyr det at om Ulstein hadde hatt same inntektsnivå som Alta, så hadde Ulstein kommune hatt 85 millionar meir å bruke per år. Då kunne ei ny kyrkje (ut frå siste kjende budsjett-tal) vore nedbetalt på mindre enn 2 år og Ulstein Arena hadde vore nedbetalt på under 5 år.

Alta har ca 71,5 tusen i gjeld per innbyggjar. Ulstein har meir enn dobbelt så mykje, nemleg 151,4 tusen.

Viktigaste inntektskjelda til Alta kommune er statlege overføringar. Viktigaste inntekta til Ulstein kommune er skatt – pengar som kjem frå verdiskapinga til eigne innbyggjarar og næringsliv.

Om folk i Alta vil at vi skal byggje, er det berre å sende oss pengar.

Håkon Waage

Ulsteinvik