- Vi køyrde kommunereformprosess i alle kommunane her på Ytre Søre Sunnmøre. Det gjekk jo slik som det gjekk. Men ein skal ikkje knipe igjen augene for det som blei resultatet. Når ein ser at regionen Ålesund klarer å få til noko som verkar slagkraftig, må ein kanskje gjere ei ny vurdering på om vi blir for fragmenterte her ute, seier Inge-Jonny Hide, som er leiar i Sande Høgre.

Han har lest Vikebladet Vestposten si sak om at Framstegspartiet i Ulstein og Ørsta, representert ved høvesvis ordførar Knut Erik Engh og gruppeleiar Hans Olav Myklebust, meiner at Ulstein og Ørsta bør slå seg saman. Denne flørten blir Høgre-leiaren i Sande forundra over.

- Eg meiner heller at Ulstein no må kjenne si besøkstid. Vi bør heller satse på ein større kommune på Søre Sunnmøre, men det blir vanskeleg å gå inn i noko slikt utan at alle partar er villige til å gi noko, seier han og legg til:

- No gjorde vi kommunereformarbeidet, men det har blitt eit nytt landskap etter det. Vi må heller reise debatten kring om vi verkeleg er ferdig med dette arbeidet. Kommunereformtiget stoppar ikkje, seier Hide.

Her kan du lese innlegget til Inge-Jonny Hide:

Det mangla ikkje på mistru til at det skulle bli noko av kommunereforma. Men så skjedde det – likevel: Ålesund går saman med Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy får 65 000 innbyggarar. Og mulegvis vil Giske gå inn i same kommunen med sine 9 000 slik at nye Ålesund vil få minimum 75 000 innbyggjarar på rimeleg kort sikt.

Og kva skjer her ute på øyane? Ingen verdens ting. Og kanskje ligg noko av årsaka til dette nettopp i utsegnet til Knut Erik Engh i Vikebladet 16. april 2018, sitat: «Eg trur Ørsta og Ulstein er meir likeverdige kommunar, vi treng ikkje frykte at den eine skal verte oppeten eller mista noko til andre, seier Engh».

Sitatet er henta frå artikkelen som handlar om at FRP i Ulstein og Ørsta vil jobbe for samanslåing av dei to kommunane. Eg meiner Engh er fullstendig på villspor når han i staden for stå på for å samle kommunane på ytre søre Sunnmøre og gjerne Ørsta og Volda i lag også, no går ut i regi av FRP og frir til Ørsta. Ikkje minst sidan han til dagleg har rolla som ordførar i den naturlege knutepunktkommunen her ute på øyane. Nettopp i denne kommunen, Ulstein, burde ansvaret om å drage regionen saman stå øvst på agendaen.

Frå vesle Sande si side har invitasjonar og politiske signal vore tydelege på min. ei femmar-kommune (Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven).

Den politiske leiinga i Ålesund har teke denne viktige rolla – og fått det til i lag med sine naboar. Det burde også den politiske leiinga i Ulstein med ordføraren i spissen jobbe for. Ikkje starte no ein ny unnamanøver for å unngå å måtte gje og ta litt – for det vil nesten vere uunngåeleg i ei kommunereform. Ein må tore å miste noko for å oppnå noko.  Og det som står på spel er ei robust og framtidsretta kommune for alle innbyggjarane i vår felles bu- og arbeidsmarknadsregion som kan ta tak i alle dei oppgåvene som er tilpassa langt større kommunar enn det som blei utforma på sekstitalet.

Inge-Jonny HideLeiar i Sande Høgre