I petitspalta Go'dag i papiravisa sist laurdag skreiv eg om dei problema eg har hatt etter å ha kjøpt ein rimeleg printer med små blekkpatronar i dei fire fargane svart, blått, gult og raudt. Eg kom etter kvart til å erfare at blekkpatronane hadde svært kort levetid, at dei var utruleg dyre og at printeren vart blokkert kvar gong det begynte å minke på ein av fargane. Det eg trudde var eit røvarkjøp viste seg å vere reint sløseri.

Eg har fått fleire tilbakemeldingar på artikkelen. Tydelegvis har mange opplevt det same. Ei av tilbakemeldingane kom frå ein Rolls-Royce-tilsett i Ulsteinvik, som eg tillet meg å sitere litt av:

”… Dette er nok ei oppleving mange av oss har hatt. Er det ein bransje som nyttar modellen med å selje produktet rimeleg, sikkert med tap, for å ta det att på ettermarknadssal, så er det denne. Patrona du fekk med skrivaren var sikkert halvfull også.

Skal ein kjøpe skrivar, må ein vurdere kva ein skal bruke den til. Med tanke på blekkskrivarar har du ”fotomodellar” i eine enden som skriv ut med flottaste fotokvalitet og ”business-modellar”, som er effektive og skriv ut med relativt lav kost per side i andre enden. Det er den siste varianten eg har kjøpt no. Her opererer ein med ”XL patroner” som gir ein mykje lavere sidekostnad enn typiske forbrukarmodellar. Dette for å kunne konkurrere i lett bedriftsmarknad med laserskrivarar.

Ettersom me her i heimen skriv ut til alle formål, kopierer og skannar i mangelen av betre ord, så vart det nykjøp. Hadde fotobiten vore minimal, hadde eg nok halde meg til laserskrivar. Då slit ein ikkje med storkna blekk og tomme patroner i utide. Då er det knivskarp skrift på 1000 sider pluss før ein må skifte tonarkassett.

Med det vil eg gi deg eit tilbod du forhåpentlegvis ikkje kan seie nei til.

Etter utskrift av julekort, bursdagsinvitasjonar og ymse anna fargerikt vart meir vanleg her i heimen, er no multifunksjonslaserskrivaren min sett på hylla. Uten at eg veit det sikkert, har den nok sverte til tusen sider før den treng påfyll, den skriv ut, skannar og kopierer. Denne kan du få vederlagsfritt då den er altfor god til å kaste.”

Dermed tok eg turen over til Ulsteinvik. I gjenyting overrekte eg gjevaren ei kartmappe til Hareid IL Trim si fjellorientering 2014. 12 postar gir B-premie, 19 av 25 gir A-premie.

Kan hende møtest vi under premieutdelinga i november! Då er det ikkje utenkeleg at lista over årets deltakarar er skriven ut på nyeprinteren min! Men rask på, du har berre om lag fire veker å gjere det på!