Tysdag arrangerte Ytre Søre Demensforening ei samling på Sunnmøre Folkehøgskule. Foredragshaldarar var Tage Pettersen, ordførar i Moss, som er kåra til «Norges mest demensvennlege by», og generalsekretær Lisbet Rugtvedt i Nasjonalforeningen for folkehelse. Nasjonalforeningen sparkar no i gang kampanjen «Eit demensvennleg samfunn», der eit av måla er at det skal skipast demensteam i alle landets kommunar.

På førehand hadde den lokale demensforeninga sendt ut invitasjon til kommuneleiinga i alle dei fem kommunane på Ytre Søre. Berre to møtte, ordføraren i Sande og leiar i Levekårsutvalet i Hareid. Sistnemnde sat i ambulanseuniform, og hadde nok forsvunne viss det peip i kommunikasjonsutstyret.

Ordføraren i Moss snakka engasjert om korleis ein med enkle grep kan gjere kvardagen lettare for folk med demens. Han snakka om kor viktig det er at kommuneleiinga og frivillige løftar i flokk, og at det heller ikkje treng om å koste så mykje pengar. Moss er ein kommune med ein utfordrande økonomi. Det er synd at ingen frå kommuneleiinga i Ulstein var til stades og fekk høyre tipsa frå Pettersen. Engasjementet treng å stige nokre hakk, både i Ulstein og Hareid.