KOMMENTAR: I 2001 flytta eg frå Hjørungavåg til Grünerløkka i Oslo. Det er fleire, på alle alderstrinn, og av begge kjønn, som har lurt på korleis eg kunne flytte frå ei så fin bygd, med flott natur og fint samhald mellom menneska, til den store byen med sine framandgjerande trekk. Ei sånn stillingstaking kan eg forstå. Noreg er eit stort land med eit forholdsvis lavt innbyggjartal, og har ein lang tradisjon både kulturelt og litterært, og på andre måtar, for å dyrke nærheit til den frie naturen (heller enn det offentlege rom). Fleire av våre største forfattarar, deriblant Knut Hamsun -  sjølv om hans menneskefigurar vender seg innover mot det meir dunkle og djupe i naturrelasjonen hos mennesket - næra ein betydeleg skepsis til det urbane, ein skepsis som blei endå meir synleg i framveksten av den såkalla realismen og seinare naturalismen i litteraturen der blant andre Amalie Skram beskriver fattigdomen hardt og brutalt.

Naturnærheit i det store frie naturrom, langt unna den autoritære statsmakt, og gjerne også andre menneske, er sentralt også i Oddgeir Brurasets «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», som har blitt via stor oppmerksomheit dei seinare år. I kontrast til den frie naturutfoldinga har vi byen med sitt «trange» byrom, støy, bråk, men også lyden av menneske som kranglar eller hyggar seg eller som springer for å nå den overfylte trikken.

Omlag samtidig med Skram skreiv Oskar Braathen bøker som «Ulvehiet» og «Ungen» om arbeidarmiljøets bakside, om arbeidsledigheit, alkoholmisbruk, men også om samhold. Han var meir interessert i dei sosiale og almenn-menneskelege trekka ved bylivet og var meir oppumuntrande enn forkynnande. Bjørnstjerne Bjørnson – sjølv oppvaksen på bondelandet - var også opptatt av arbeiderfolket, spesielt bøndene og han såg deira fortellingar som viktige i utvidinga av det norske politiske systemet. Bjørnson løftar fortellingane til eit nivå der det oppstår ei samanknytning mellom det nasjonale og det internasjonale, land og by, det folkelige og det urbane. Kristiania/Christiania, seinare Oslo, var og er appellerande med sin finkultur og internasjonale snitt, eit spennande gufs frå den store verda.

Ola og Kari Nordmann som historiske personar er såleis ikkje ukjende verken med den kulturelle byen med restaurantar, Karl Johan, Operaen eller Nationalteateret; den historiske byen med Folkemuseet, Vikingskip, Nansen- og Heyerdahl musea; eller den kosmopolitiske byen og Stortingets, Regjeringskvartalets og Slottets betydning i dette.  Byen har klare attraksjonar på alle plan som trekkjer den jamne norske mann og kvinne til seg.

Grünerløkka er ein av dei mest ettertrakta bydelane av Oslo, hippe utestader, kule restaurantar og ei rekke kulturelle tilbod året rundt. Grunerløkka har eit folketal på nærare 50000 (2012) plassert utover dei sparsomme 4.8 kvadratkilometra. Staden består både av offentleg rom der alle møtest, og av små intime samfunn, såkalla borettslag, der menneska bur saman både horisontalt og vertikalt. Ein lærer seg raskt å dele plassen både i gardsrommet, på trikken, i ein av dei mange parkane eller i salen på den nybygde Ringen kino.

Folketettheita gir behov for ein dynamisk bruk av rommet som er tilgjengeleg, noke som gir raske forflyttingar mellom ulike typer rom. Den dynamiske urbane mentalitet er altså ikkje noke mystisk, men en pragmatisk måte å handtere tettheita på.

Eg bur i eit burettslag beståande av gamle arbeidarboligar frå siste halvdel av 1800-talet. Her budde menneska tett i tett, delte på det meste, også eit flott gardsrom omkransa av dei tre blokkene i borettslaget. Sagene Arbeiderboliger (nr 25) blei bygd i 1887, arkitekt var Ove Laurentius Ekmann (1847-1921). Dei består av tre treetasjars bygningar som opprinnelig hadde 101 leiligheter og 18 «hybler», i tillegg til eit gårdsrom og felles servicebygg (bad, vaskeri, likhus, forsamlingssal). Opprinneleg var det i borettslaget 84 leilegheiter i stort og smått, og garden var like tett befolka som Grunerløkka forøvrig. I 1889 var den heim for 600 mennesker, noe som skulle tilseie nesten 3.8 menneske pr. rom i snitt.  Som ein viktig liten kuriositet kan det nemnast at garden i 1890 blei avlagd ein visitt av kong Oscar II og keiser Wilhelm, i samband med keisarens besøk i Oslo.

Det er såleis ein viktig tradisjon vi tek vare på, vi som bur her no i det 21. århundre. Og vare på den tek vi,  med nytt gardsrom designa av Snøhetta i 2004 som aktivt blir brukt heile tida av spennande menneske, både frå kulturliv og andre viktige samfunnsområde som bebuarar. Det bur no rundt 140 menneske i borettslaget.

På Hjørungavåg fanst det i min oppvekst tre daglegvarebutikkar. Men den moderne økonomien tvang fram nedlegging av desse butikkane i løpet av 1980 og 1990 talet. I Oslo har desse småbutikkane overlevd, og kanskje til og med auka i antall, kanskje spesielt takka vere fleire av våre nye landsmenn: vietnamesarar, tyrkarar og tidlige innvandrarar frå Pakistan og India samt andre flittige menneske.

Grünerløkka minner av og til om dei små latinerkvartera i Paris, eller Trastevere i Roma, også fordi nøysommelege matbutikkar og restaurantar veks fram og serverer eksotisk mat frå Paris, Italia eller Japan for den del. Det er ikkje til å stikke under ein stol at folk på Grünerløkka stort sett har god råd, men dette har ikkje kome over natta. Dei klassiske «brune» sjappene har imidlertid også overlevd. På Grünerløkka lever det brune, det hippe og det eksotiske side om side.

Eg er sjølvsagt for alltid hjørungavågar, med sunnmørsk og romsdalsk tradisjon og kultur som berebjelken. Men her i Oslo har eg eit fint liv sammen med hyggelege, spennande menneske, og ein kulturell fridom som kan kombinerast med den naturgleda som sunnmørsnaturen har gitt meg.