Allereie før sommarferien i år kunngjorde Ulstein Arbeidarparti at Magne Grimstad jr. blir listetopp og ordførarkandidat. Denne veka følgde Ulstein Høgre opp og lanserte Heidi Strand som sin ordførarkandidat. Nesten eitt år før kommunevalet 2015 er dermed valkampen i Ulstein i gang. Grimstad er aktiv med lesarinnlegg og skal blogge ned til valet 14. september 2015.

Begge ordførarkandidatane er røynde lokalpolitikarar, ikkje minst Heidi Strand, som har 15 år bak seg i ulsteinpolitikken. At Ulstein Høgre har lansert Heidi Strand som ordførarkandidat er interessant. Med det eg veit er det første gong Ulstein Høgre har ei kvinne på topp. Hareid Høgre har prøvd med kvinner på topp to gonger. Begge gongene vart dei strokne bort. Dette er rett nok ein god del år sidan, og i dag er det ikkje lenger høve til å stryke kandidatar, berre kumulere. Men sjølv om Norge i dag har ein kvinneleg statsminister frå Høgre, har partiet ikkje mange kvinnelege ordførarar rundt om i landet. I Møre og Romsdal er der ingen. Arbeidarpartiet og Høgre i Ulstein verkar å vere samde om mykje, i alle fall i utbyggingssaker, og det skal bli interessant å sjå kvar dei søkjer alliansar viss valresultatet blir temmeleg jamnt.