Ei meiningsmåling som Sentio Research har utført for Sunnmøre Regionråd viser at 69 prosent av innbyggjarane i Ulstein og 78 prosent av innbyggjarane i Hareid er klare for kommunesamanslåing.

Målinga viser også at over 90 prosent av innbyggjarane i dei to kommunane ønskjer seg ei felles framtid utan innblanding frå andre kommunar på Søre Sunnmøre. Men kva meiner lokalpolitikarane?

Førebels har diskusjonen om kommunesamanslåing vore temmeleg daff. Det nyttar ikkje å gå som katten rundt grauten lenger. Lokalpolitikarane må kome på bana og fortelje kva som er målet med kommunesamanslåinga. Førebels er det mangel på både planar og debatt. Tankar om kva kommunane har i dag, kva dei eventuelt kan misse, og kva dei kan få, må kome på bordet.

Ein ordførarkandidat i Ulstein har skrive i lokalavisa at «kommunesenteret skal ligge i den virtuelle verda med gode og tenlege servicetorg strategisk plassert i den nye kommunen.  Og namnet må spegle den energien og innhaldet vi ynskjer regionen vår skal vere». Ei slik utsegn er tåkeprat.

Lokaliseringsstridar og namnediskusjonar er vanskelege, men også den debatten må på bordet. Anten ekteskapet blir mellom Hareid og Ulstein eller fleire kommunar.