Næringslivstoppar på Ytre Søre Sunnmøre meiner det er uansvarleg å setje «Ullensvang» inn i sambandet Hareid-Sulesund. Dei fekk kjapt svar frå Inge Andre Utåker, regionssjef ferje i Norled. Han svarer rett ut at han trur dei overdriv problema med «Ullensvang».

Utåker gjer det også klart at Norled er ved vegs ende i spørsmålet om kvar «Ullensvang» skal disponerast. Ferja skal til Hareid frå 1. januar 2015.

Å svare at næringslivet overdramatiserer problema med «Ullensvang» er arrogant.

Med eit slikt svar signaliserer regionssjefen at han ikkje bryr seg om verken dei reisande eller vilkåra til næringslivet i regionen vår.

I mai vart «Ullensvang» testa mellom Hareid og Sulesund. Det var ein skandale. I trafikktoppane klarte ikkje ferja verken å halde rutetida eller å få plass til alle bilane.

No ønskjer  Samferdselsutvalet i fylket å få på bordet til møtet 10. november ei sak om tre ferjer i sambandet Hareid-Sulesund. Dei vil før budsjettet skal handsamast ha tal klare.

Dette er bra.

Men det vil bli avgjerande kva slags ferjer som skal inn i sambandet. «Tidesund», «Tidefjord» og «Ullensvang» kan kanskje bli ei bra løysing, men viss det blir «Tidefjord», «Ullensvang» og ei endå mindre ferje, er det slett ikkje sikkert tilbodet blir godt nok likevel.