Søndag for ei veke sidan stilte fleire tusen menneske opp i fakkeltog mot mobbing i Oslo. Også i mange andre norske byar gjekk folk i fakkeltog. Men her i vår region var det ingen som gjekk i tog. Det er derfor prisverdig at Ulstein Ungdomsråd har tatt initiativ til fakkeltog mot mobbing komande søndag, 23. november. Aurora Dimmen Bratli, leiar i ungdomsrådet, håper på stort oppmøte, og ber folk om å ta med seg faklar.

Det er flott at ungdom bryr seg, men i toget søndag bør det ikkje vere berre ungdomar i rekkene. Også vaksne må vise at dei bryr seg. Mobbing kan øydelegge eit menneske.

Vi har fått signal om at det rundt om i kommunane våre finst barn og unge som grur seg til å gå på skule. Ei effektiv form for mobbing, som det kan vere vanskeleg for andre å få auge på, er utfrysing, meldingar på nett, snapchat og instagram. Det finst nok mange foreldre som ikkje er klar over at borna deira er ein mobbar.

For ungdomar som kjenner nokon dei veit blir haldne utanfor, kan det denne helga vere ei øving å prøve å inkludere dei. Og for vaksne kan det å stille opp i toget mot mobbing vere eit signal som gir tryggleik. Når unge og eldre står samla mot mobbing blir effekten størst.