Vi har vore gjennom ein lang politisk prosess med utforming av neste års statsbudsjett. Som så ofte før er det i diskusjonane sett fram påstandar om at høgare skattar gir meir velferd – eller andre vegen, at lågare skattar vil føre til mindre velferd. Påstandane vert framført som om dei er sjølvsagte sanningar. Det er dei faktisk ikkje.

Mellom samfunnsøkonomar er der mange oppfatningar om skatt og velferd, og der er gjort mykje arbeid for å få fram kunnskap om korleis samanhengane er. Det er likevel grunnleggjande semje om at skattar i utgangspunktet har negativ verknad på velferden. Dette er i grunnen både enkelt og logisk, ja nærast sjølvsagt – kanskje så sjølvsagt at mange gløymer det, eller vel å sjå bort frå det og i staden tyr til enkle slagordprega påstandar.

Den enkle samanhengen som gjer at skatt er negativt for velferden, er at ein skatt i utgangspunktet inneber at fellesskapet tek pengar frå nokon, og den som må gje frå seg pengar vil sjølvsagt oppleve eit velferdstap der og då.

I tillegg kjem at folk tilpassar seg når dei må betale skatt, og det fører til negative indirekte verknader. Avgifter er ei form for skatt. Det som vert pålagt ei avgift vert dyrare, og då går bruken av det ned. Til dømes vil skatt eller avgift på bruk av arbeidskraft (arbeidsgjevaravgift) føre til at verksemder tilset færre eller må redusere talet på tilsette – det gjev sjølvsagt negativ velferd for dei arbeidslause.

Ein annan effekt av skatt er at den reduserer verdien av arbeidsinnsats. Må du betale høg skatt på den tilleggsinntekta du får når du arbeider overtid eller får bonus (marginalskatt, eller overtidsskatt som det ofte vert kalla), ja då vert det ikkje så freistande å å yte noko ekstra. Det fører til velferdstap for deg som vert sittande att med mindre pengar, men og for oss alle i og med at det vert produsert mindre og at samfunnet såleis får mindre verdiskaping til disposisjon.

Det kostar å krevje inn skatt. Personar og bedrifter må bruke tid på utrekning, innrapportering og kontroll. Folk i skatteetaten skal ha løn, dei må ha bygningar å halde til i og maskiner til å gjere utrekningar og føre oversikt og kontroll. Det skal gjerast politiske vedtak, ein må ha tvangsmiddel til disposisjon og ein må vere budd på at det må førast rettssaker. Dette er ikkje gratis og det er samfunnsøkonomiske tap.

Same korleis vi snur eller vender på det, er det ikkje mogeleg å finne ein skatt som er utan negative verknader på velferden i eit samfunn. På den andre side er det sjølvsagt og umogeleg å ha eit sivilisert samfunn utan noko form for skatt. Forsvar, rettsvesen, infrastruktur og alt anna vi forbinder med eit velfungerande og godt samfunn må finansierast, og det kan ikkje skje utan ei eller anna form for skatt.

Godt gjennomførte fellestiltak vil kunne ha sterk positiv verknad på velferden for alle. Eit velfungerande forsvar som held landet fritt, eit lovlydig politi og rettferdig rettsvesen er til dømes grunnleggjande faktorar som gjer det mogeleg å byggje eit samfunn der alle får det mykje betre enn dei elles ville hatt det. Eit slikt samfunn kan ein ikkje ha utan skatt. Skal tenestene vere gode, må dessutan skattane vere høge nok til at fellesskapet har råd til å betale så god løn at dyktige folk vil arbeide for fellesskapet utan å verte freista til korrupsjon.

Som eit ytterpunkt kan vi tenkje oss eit samfunn med så låge skattar at det offentlege ikkje har råd til å konkurrere om godt kvalifiserte medarbeidarar. Det vil mest alle tape på, ein får nemleg dårlege tenester og høg risiko for at mange let seg freiste til å ta imot betaling «under bordet». Det vil til dømes medføre at dei som betalar «smøring» får ekstraservice, slepp fram i køen, får ei godkjenning dei ikkje er kvalifisert til, eller får innvilga ein søknad som kanskje skulle vore avvist.

Som det motsette ytterpunkt vil høge skattar òg ha sine problem å by på. Høge skattar gjer det vanskelegare å drive lønsamt, fordi dei aukar kostnadsnivået og reduserer omsetninga. Dessutan, dess høgare skattenivå eit samfunn har, dess meir løner det seg å snyte på skatten og ein risikerer at det veks fram ein svart økonomi som gjer det vanskeleg for ærlege verksemder.

«Det kjem an på» seier vi ofte, og vi kan trygt sei dét om skatt og velferd. Skatt er noko negativt, men det kan bli bra om det vert gjort på rette måten.

Det er ein god regel at den som kjem med ein påstand må føre prov for at den er rett. Vi lever i eit samfunn med høgt skattenivå og eit velutvikla velferdssystem. Det er difor langt frå sikkert at nye velferdsordningar smakar betre enn dei kostar. Neste gong ein politikar lovar deg meir velferd berre han får auke skattane, kan du med god grunn be om prov på at det verkeleg vil verte slik politikaren påstår. Eit lettvindt svar du kanskje får er at det er nokon andre som skal betale, nemleg «dei rike».

Kanskje der kan vere litt ekstra skattekroner å hente frå dei mest velståande, men ei uuttømeleg kjelde er det ikkje, og faren er at skal det monne, vil det i praksis likevel ende opp med at det er du og eg som må betale. Politikaren som skal hente lettvinte pengar frå «dei rike» må kunne svare på kven «dei rike» er, kor mykje pengar dei har, kor mykje av desse pengane politikaren har tenkt å ta og kva konsekvensar det vil få. Får du ikkje svar på dette kan du trygt rekne med at tanken nok er at det er du og eg som til sjuande og sist skal betale.

Godaste Winston Churchill sa at det ikkje nyttar for eit land å skattleggje seg til velstand, og det har han faktisk rett i, for det einaste som er heilt sikkert om skattar er at dei i utgangspunktet har negative verknader for velferden. Likevel kan skattar der innkrevjing og bruk er fornuftig, verke positivt på velferden, men det må vere den som påstår at han skal skape meir velferd som må sannsynleggjere at dèt faktisk vert utfallet etter at kostnadane er medrekna.