Eit godt kommunalt tenestetilbod er viktig for at innbyggjarane skal få den hjelpa dei har rett og krav på. Men samfunnet hadde ikkje gått rundt viss ikkje det var for innsatsen som mange frivillige legg ned. Enkelte i det stille, andre i meir utovervende roller. For kort tid sidan fekk Bjarne Røren Frivilligprisen 2014 i Ulstein for innsatsen han har gjort med å rydde rås, merke stiar og gjere det både triveleg og litt mystisk på Uglasætra. Tysdag fekk Jorunn Strande Frivilligprisen 2014 i Hareid. Ei stillfaren kvinne som i over 40 år har vore søndagsskulelærar i Hjørungavåg. – Det krevst disiplin og offervilje for å stille opp til fast tid søndagane år etter år, sa ordførar Anders Riise då han overrekte Frivilligprisen til Strande. Vi kunne ha rita opp ei lang rad med namn på folk som gjer ein stor frivillig innsats. Idretts- og fotballaga hadde ikkje vore mykje til tess utan den frivillige innsatsen som blir lagt ned. Kulturlivet hadde ikkje blomstra, det hadde ikkje vore ein speidar i regionen vår, og på Hareid hadde det ikkje vore noko varmtbad utan innsatsen frå Sanitetskvinnene. Imponerande er også arrangementet «Julekveld for alle», der frivillige frå Hareid og Ulstein går saman om å by inn til julefeiring på Storevikholmen 1. juledag.