I 1924 skreiv den franske sosiologen Marcel Mauss artikkelen «Essai sur le Don», oversatt til «Gaven» på norsk. Med utgangspunkt i studiar av ulike stammesamfunn ønskte han å finne ut av kva rolle gåver spela i det sosiale livet og i relasjonane mellom menneske. Hans sentrale poeng var at ei gåve ikkje berre er noko med ein materiell substans, men har også eit symbolsk innehald.

I følgje Mauss` er det å gje ei gåve for det første ei handling som seier noko om relasjonar. Ei gåve kan syne verdsetting eller vennskap. Ei gåve kan vere eit teikn på at ein ønskjer å vedlikehalde ein relasjon. Eller at ein ønskjer å etablere ein. Gåva sin andre dimensjon er knytt til det å ta i mot. For det å unnlate å ta i mot det en blir tilbode er å fornekte den sosiale relasjonen, eller å avslå den andre si sosiale tilnærming. Men har vi først tatt i mot ei gåve, oppstår det ei ubalanse i relasjonen, som veks proporsjonalt med gåva si verdi. Ei alt for stor og flott gåve kan verte like feil som ei for lita og stusseleg ei. Den tredje dimensjonen kjem naturleg av dette; gjengjelding. Å akseptere noko frå andre inneber også ei forplikting om å gje noko tilbake. Utveksling av gåver skaper ei  gjensidig avhengigheit mellom givar og mottakar. Resiprositet – eller tilbakebetaling – betyr at ein opprettheld ære og sjølvstende, og inneber at ein ikkje kjem i takksamsgjeld. Slik viste Mauss` si forsking korleis ei gåve kunne spele ei viktig rolle for samspelet mellom menneske på den tida. Gamle band kunne forsterkast, nye band kunne knytast og andre kunne brytast.

Sjølv om Marcel Mauss` si forsking er gamal og gjort på eit utdøyande samfunn, kan det vere verdt å reflektere litt over kva rolle gåva har i dag. Gjennom heile året gir vi kvarandre gåver; bursdagar og Valentine, på jobb eller etter ei reise. Ja det finst ei gåve for eit kvart høve, som har eit verdisett og ein funksjon, og som seier noko om relasjonen mellom gjevar og mottakar. Men den mest symboltunge gåva av dei alle, julegåva, verkar som å ha mista si relasjonelle karakter. At julegåva sin symbolikk er fortrengt for den materielle verdien den representerer. At det handlar om pengar.

I år brukar vi nordmenn i snitt 5 622 kroner på julegåver. Kvar. Det er om lag dobbelt så mykje som finnane. Og svenskane. Vi har stor handlekraft, vi har høge lønningar, og vi har store forventingar. Julaftan kjem tross alt berre ein gong i året. Samtidig tar fleire ordet for å tone ned gåvas rolle i jula. I alle fall pengeverdien av gåva. I byrjinga av desember var det ein irritert familiefar som skreiv eitt innlegg på Facebook-sida til Elkjøp. Her gjekk han til angrep på Elkjøp si julegåvereklame, kor dei reklamerte for ei berbar datamaskin til 900 kroner. Familiefaren var ikkje berre irritert over kva handelstanden meiner er ei høveleg julegåve, men også kva den skal koste, og kva forventningar dette skaper blant born og unge.

Det kan verke som at det å gje ei gåve ikkje berre er ei lystig affære. 64 prosent av oss seier i ei undersøking at vi kjenner på eit auka kjøpepress i jula. Vi kjenner på at vi må gje ordentlige gåver, ikkje noko rask. Det er vanskeleg å vite kva ein skal kjøpa til folk. Det finst ei grense for kor mange knivar ein familie treng. Kor mange kokebøker som kan lesast. Kor mange telysholdarar og pyntegjenstandar det er plass til. Og til og med ein berbar PC treng dei aller fleste av oss berre ein av. Vi har både alt vi treng og  nesten alt vi ønskjer oss. Av materielle godar. Trenden i dag er at vi ønskjer oss få, men dyre ting. iPhone, iPad, motekle, pengar og storbyferiar. Eller som ein ung gut intervjua av NRK sa; - Det er litt dyrt, men vi bur jo i verdas rikaste land.

Landet er rikt, men bilete av nordmenns julehandel er meir mangfaldig. Eg kjenner folk som gler seg som ungar til jul og som kosar seg med gåvehandelen. Eg kjenner også folk som gruar seg. Eg kjenner mange som har kapitulert og som berre gjev pengar. Og eg kjennar folk som ikkje har råd til den jula både dei og andre forventar vi skal ha. Eg kjenner folk som kjøpar julegåver heile året og er ferdige på sommaren. Og eg kjenner folk som begynner i dag. Og eg kjennar nokon som alltid har ei ekstra gåve på lur. For tenk om det kjem nokon på døra som vi ikkje hadde tenkt på!

No er det berre fire dagar til eg sjølv skal opne mine julegåver. Kva eg ønskjer meg til jul? Som så mange andre er det ingenting eg treng. Det har eg kjøpt for lenge sida. Og eg har heller ingenting eg ønskjer meg. Det har eg også kjøpt sjølv. Eg likar å tru at eg ikkje er opptatt av den materielle verdien av gåva, men kva avsendaren har tenkt. Rettare sagt, at avsendaren har tenkt på meg. Då blir eg glad. Og imponert blir eg når nokon har fått med seg at eg fraus den gongen på hytta og har kjøpt nye ullsokkar til meg. For det finst dei som får med seg slikt, dei små detaljane som gjer at du kjenner deg sett.

Sjølv har eg dei siste par åra brukt mindre pengar på julegåver. Ikkje fordi eg kjøper færre gåver, men fordi eg kjøper andre typar gåver. Når eg for nokre år sida la om måten eg tenkte julegåver på, blei det enklare, billigare, morosamare og meir fellesskap ut av det. Eg har begynt å kjøpe billettar.

Ein billett kan vere så mykje. Kino, konsertar, kunstutstillingar, ballett og opera. Det finst ein billett for humor og ein for drama. Det finst billettar for store og for små. Ein kan få møte store stjerner, eller lokale heltar. Billetten kan vere noko ein har hatt lyst til lenge. Eller noko ein aldri har tenkt på. Ein billett gjev noko å gle seg til, noko å dele med andre og den skapar minne. Eg kan ikkje røpe meir no, for allereie er det nokon som veit kva dei får til jul. Men dei veit ikkje kva dei skal oppleve. Heller ikkje når. Eller med kven. Det beste med å gje ein billett?

Du kan kjøpe ein til deg sjølv også, så blir du med på moroa.

God Jul!