Sjølv om annankvar nordmann bad til høgare makter i fjor, viser ei anna undersøking at berre to av fem kristne gjorde det same.

I undersøkinga som InFact har laget for avisa Dagen, går fram det at fire av ti medlemmer av Den norske kyrkje ikkje har bedt det siste året. Drygt éin av ti ber ofte eller dagleg.

At berre to av fem kristne ber, kan tyde på at bønn er blitt mindre viktig, og at den individuelle religiøsiteten blant dei som er aktive truande er i endring, seier studiedekan Hallgeir Elstad ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo.

I same avis måndag viste ei tilsvarande undersøking at annankvar nordmann har bedt til høgare makter det siste året, mens resten ikkje ber.

– Det seier meg at vi bur i eit godt og trygt samfunn. Dei fleste nordmenn treng ikkje «gud» for å meistre kvardagen, fastslo Bjørn Øyvind Fjeld, førstelektor i praktisk teologi ved Ansgar Teologiske Høgskole.

Elstad meiner undersøkinga frå måndag viser at bønn framleis står rimeleg sterkt i befolkninga.

Nøgde med gåvene

Dei aller fleste ser ut til å vere nøgde med gåene dei fekk til jul, i alle fall dersom vi skal tru resultatet av førre vekespørsmål. I romjula spurte vi om nokon hadde planar om å bytte julegåvene dei hadde fått. 81 prosent svarte at, nei, dei skulle dei ikkje. 17 prosent hadde tenke å bytte gåvene, medan to prosent antyda at dei muligens kom til å bytte noko av dei fekk til jul.