Sist fredag la regjeringa fram forslaget om at kvar einskild butikk skal kunne bestemme om dei vil halde ope på søndagar.

- Det er ikkje opplagt at alle skal ha kviledag på same dag, uttalar kulturminister Thorhild Widvey.

Forslaget har fått motbør mellom anna frå NHO, Virke og LO.

Kva meiner du? Bør det opnast opp for søndagshandel i større grad enn det tilfellet er i dag? Klikk deg inn på vekespørsmålet og avgi di stemme.

Mange ber til Gud

Det er mange som ber til Gud kvar einaste dag, skal vi tru svara som var avgitt i sist vekespørsmål. 64 prosent svarer at dei ber kvar einaste dag, medan høvesvis 6 prosent og 9 prosent ber ofte eller ein sjeldan gong. 21 prosent seier at dei aldri ber.