Smarttelefonar og trongen til å vere "online" til ei kvar tid utgjer ein stadig viktigare del av liva våre. Mange av oss har blitt så avhengige av mobiltelefonen at vi kan få separasjonsangst dersom vi må legge den vekk, syner forskning. Til dømes tok ei amerikansk studiefor seg kva som skjedde med iPhone-brukarar då dei måtte legge bort telefonen samstundes som dei skulle utføre ei oppgåve.

Med smarttelefonen utanfor rekkevidde auka blodtrykket, hjartefrekvensen vart hyppigare og folk gav uttrykk for at dei vart engstelege. I tillegg gjorde dei det dårleg på oppgåva som skulle løysast.

Korleis er det med deg. Kjenner du ubehag når du ikkje har tilgang til telefonen din? Eller spelar det inga rolle? Klikk deg inn på vekespørsmålet og fortel oss korleis det står til.

Nei til søndagsopne butikkar

Sist lurte vi på kva folk meinte om at dei forretningane som ønska det kunne halde ope på søndagar. 56 prosent meinte at det ikkje burde verte tillate, medan 43 prosent tykte dette var i orden. Ein prosent visste ikkje kva dei skulle meine.