Tysdag kveld denne veka toppa problema seg då «Ullensvang» pressa farta så høgt at det vart røykutvikling i maskinrommet. Men før tipset om røykutvikling kom, var eg på gamle Trudvang for å skrive om ungdomane som har fått Jaa9 & OnklP til å halde konsert i lokalet.

Eg vart møtt av eit salig rot, eit vacuum-toalett i sofaen, kasser og skrot  ut over golv og bord. Men dei forsikra at alt skal vere på stell til OnklP & Jaa9 kjem.

Det er lagt ned fleire tusen dugnadstimar på Trudvang, og det er lenge sidan eg har vorte så sjarmert over glødande ungdom som står på for noko dei har tru på. Det var eit herleg møte.

Komen heim i stova tikka meldinga om røykutvikling om bord i «Ullensvang» inn på mobilen min. Heldigvis gjekk det bra. Men no må noko skje.

Regionen vår kan ikkje lenger ta til takke med det ferjemateriellet som er sett inn på strekninga Hareid-Sulesund. Men det er langt frå glødande når leiar Oddbjørn Vatne i samferdselsutvalet seier at fylket etter tysdagens hending vil følgje godt med vidare.

Det er Møre og Romsdal Fylkeskommune som har inngått kontrakten med Norled, og no kan verken politikarane eller byråkratane springe frå ansvaret. At politiet dirigerer ventande bilar er ikkje haldbart.