Sit her og blar i den 1178-ande utgåva av Charlie Hebdo. Ei av dei 7 millionar avisene, som vart prenta etter redaksjonsmassakren i Paris. Eg fekk den av ein ven som utan oppfordring hadde kjøpt den til meg i heimbyen sin.

Kjenner litt på islam-fobien min. Om korleis livet var før. Før vi fekk dei framande kulturane i gatene i den vesle byen vår. Dei synest godt i gatebiletet, desse framande, sidan dei fleste berre har føtene eller ein sykkel å ta seg fram med i sin daglege dont.

Skulle tru at eg med min ”Midt-Austen- bakgrunn” var «vaksinert» mot bekymring i høve auken i framandkulturelle i min nærleik. Faktum er at dei fleste ikkje ynskjer å bli her i Vik, men søkjer sine likesinna i hovudstaden og større byar. Toleransen som vert kravd av meg i dag, var ikkje like gjensidig framtredande i dei landa eg arbeidde i før. Tvert i mot. Var den det, hadde det kanskje ikkje vore naudsynt å ha meg der.

Nokre kjem hit for å få ytre seg fritt, andre klagar på at her er for fritt. Atter andre kjem for å få sine rettigheiter, men er negative til å dele dei med sine kvinner og born. Til liks med dei nordmenn som drog til Amerika er langt dei fleste komne for å søkje ei betre økonomisk framtid, men nyttar «asyl» som lykjel for å passere nålauget. Anke og avslagsrunddansen i åra etter er uverdig og problematisk for alle partar. Især for «styresmaktene».

For fleire tiår sidan sa våre førelesarar ved Semittisk Institutt på UiO at Midt -Austen var ein trykk-kokar som ein dag kom til å gå i lufta. Vi som enno lever har sanneleg fått oppleve nett det dei siste åra. Meir valdeleg og intolerant enn nokon gong. I skjeringspunktet mellom millionar av muslimske innvandrarar og andre i Frankrike, oppstår det også liknande «trykk-kokarar».

I februar dreg eg til Falun på ski-VM. Det vert jamvel ein tur innom Stockholm. Skal møte gamle vener som har sitt arbeid i SIDA, den svenske utvik-lingshjelpa. Har førebudd meg på å måtte svare på kvifor landet vårt ikkje har like opne dører mot verda, som dei sjølve har.

I Sverige har det aldri vore god politisk tone å kjenne på sine framandfobiar. Difor har landet mykje unngått å ha ei opa drøfting om å ha andre haldningar til innvandring. Med åra har reaksjonane kome i form av ytterleggåande politiske parti, valdelege konfrontasjonar og oppreist. Der er innvandrarbydelar i hovudstaden og i Malmø der sjølv ordensmakta kvir seg for å gå inn.

Eg trur vi må lære av svenskane sin gjestfridom og vidopne dører. Lære, slik at vi ikkje går oss så faste og hamnar i problemstillingar som ikkje let seg reversere.

Multikulturelle samfunn har sin verdi, men også sin pris. I Frankrike, som i Sverige, og mange andre vestlege land, klumpar dei ulike samfunnslag og etniske gruppene seg saman. Integreringa har stoppa opp og vert reversert. Problema vert så store at dei ikkje lenger er på den sosialpolitiske dagsorden, men vert flytta over til ordens- og militærmakta. Radikalisering og valdelege konfrontasjonar vert ikkje til å unngå.

Ja, lærer vi av svenskane? Eller gjer vi dei same feila i saktare tempo, som vi alltid har gjort når vi har apa etter andre feilslåtte reformer i frå grannelandet?

Skepsis er ofte sunt. Legg eg saman mine erfaringar, kjenner eg at eg framleis har skepsisen min i behald. Kall det gjerne fobi.