Uvissa i økonomien gjer at forbrukarane for femte månaden på rad fryktar at den norske økonomien skal bli svekt.

Sjølv om forbrukartillitsindeksen (CCI) frå Opinion aukar litt frå januar til februar, er den samla forbrukartilliten til økonomien framleis låg.

Dei siste åra har forbrukarane vore flinke til å spare, men internasjonal uro og bekymringar knytt til økonomien og arbeidsmarknaden her heime, har vore med på å gjere uvissa hos forbrukarane sterkare.

Forbrukartillitsindeksen (CCI) er gjort tidlegare denne månaden på grunnlag av tusen intervju og viser eit gjennomsnitt av forbrukarforventningane til sin eigen og Noregs økonomi, arbeidsløysa og kva moglegheiter dei har til å spare det neste året.

Fornuftige telefoneigarar

Vårt førre vekespørsmål dreia seg om bruken av smarttelefonar. Kor lenge kan du vere utan smartelefon utan å verte stressa?, spurte vi. Det syner seg, under føresetnad av svara er avgitt på ære og samvit, at over halvparten kan greie seg både ein dag og ei veke utan å ha telefonen for handa.

Sju prosent greier seg utan telefonen i maks fem minutt, medan 10 prosent kan halde ut i ein time.

12 prosent hevdar dei kan greie seg utan sin kjære telefon i opptil tre timar, medan 19 prosent kan opplyse om at dei ikkje har smarttelefon i det heile.