Jammen har vi hatt mykje å feire i det siste; morsdag, fastelavn og Valentin.  Snart står vi framfor ei ny markering; Den internasjonale kvinnedagen.   Til felles har dei det at kvinna står i fokus, men i ulike roller. Og ikkje alle får like stor oppslutning.

I byrjinga var morsdagen noko heilt anna enn blomster og kaker. Ei  heimeverande husmor i  USA  prøvde i 1868  å arbeide for å betre dei sanitære forholda for alle parter etter den amerikanske borgarkrigen. Ho oppretta fleire foreiningar som ho kalla ”Mothers› Day Work Clubs”.

Den første norske morsdagen blei  feira i Bergen 1919, arrangert av religiøse organisasjonar.  Seinare kom forretningsstanden på banen. Dagen ble kommersialisert. Ho skulle få kaffi på senga. Denne eine dagen i året skulle ho få ligge frampå. Ho skulle få blomster og kake. Men fekk ho pensjonspoeng?

Fastelavn er tida før fasten. Vi fastar ikkje. Tvert imot. Vi vert freista av bollar fylte med mykje krem. Fastelavnsbollar.  Mellom mange av dei gamle skikkane som høyrde til heidensk vårfest, er fastelavnsriset. Det skulle stimulere kvinna si fruktbarheit, og ho fekk seg ei runde med riset.  Elles så kunne det hjelpe på avlinga om ein spende ei naken jomfru framfor plogen. Kva du trur! Ikkje rart om bonden var utolmodig og ville kome i gang med vårarbeidet.

Så kom Valentinsdagen som ei feiring av kjærleik og romantikk. Men det er ikkje like romantisk i alle heimar.

Snart kan vi markere Den internasjonale kvinnedagen, 8 .mars.  Det har snart gått  40 år sidan  dagen vart innstifta i samband med Det internasjonale Kvinneåret 1975.  Også ideen til denne dagen kom frå USA og vart markert der allereie i 1909. Her i landet vart dagen markert for første gang i 1915. Kampen om stemmerett sto sentralt. Men medan vi fekk allmenn stemmerett i 1913, fekk ikkje amerikanske kvinner stemme før i 1920.

Det har undra meg  at morsdagen har fått eit langt større fotfeste enn kvinnedagen. No kan nok det skuldast at  dagen er meir kommersialisert.

Visst meiner eg at ho mor er verdt ei feiring. Men kvifor set ikkje kvinnene meir pris på 8.mars og det den står for. Dei betra vilkåra for kvinnene har ikkje kome rekande på ei fjøl. Mange ser på dagen som noko tåpeleg. Kva er vitsen med  å markere kvinnedagen, i alle fall her i landet. Vi har då full likestilling, vert det hevda. Om så er;  kva med all valden som kvinner både her og rundt om i verda vert utsette for?

Det nyttar ikkje med morsdagskake og hjartekort.