«Dei vonde er verst når dei lèt som dei er gode», heiter det i eit ordspråk etter Ivar Aasen. Ordspråket er som skapt for nyhenda i dag. Dagstøtt vert me minte om mennesket sine bestialske gjerningar mot medmenneske. Nett no er det IS-krigarane i Syria og Irak som toppar overskriftene med grufulle brotsverk mot kristne, shia-muslimar og andre som salafistane i IS held for å vere vantru og avgudsdyrkarar.

Etnisk reinsing og folkemord

Massedrap, krossfesting, steining og halshogging er berre eit lite utval av menyen til IS. Profesjonelle videofilmar av ugjerningane vert lagde ut på nettet. Og verst av alt, i mange tilfelle er det born og mindreårige som er både offer og bøddel.

I Vesten tek folk til gatene for å fordøme islam som ein særleg inhuman religion – som om kristne aldri har gått i det vonde si teneste. Me hugsar borgarkrigane på Balkan på 90-talet. I Srebrenica i Bosnia vart 8.000 muslimske menn og gutar massakrerte på ein og same dag av kristne, serbiske styrkar.

Ja, det treng ikkje vere religion med i bildet for å utløyse eit folkemord. I Rwanda vart ein million tutsiar i 1994 myrda av grannar og kjenningar mellom hutuane; i hovudsak utløyst av oppdemde spenningar mellom dei to folka.

Mellom Gud og Satan

Filosofar, teologar og forfattarar har kava med «det vonde» i fleire tusen år. Det filosofiske strevet har vist seg å vere nokså fåfengt til no. Paradokset er at det vonde ikkje har nokon posisjon i moral og kultur. Det er det gode i mennesket som til alle tider har vore halde fram som prisverdig. Kvifor finst då det vonde framleis?

Det er eit sams trekk for alle kulturar at drap på menneske som høyrer til «oss» er tabu. Når drap likevel skjer, har ein tydd til «det vonde» som forklaring. I dei tre semittiske religionane er det vonde personifisert med Satan, som er kvilelaus i strevet med å rekruttere nye sjeler til Helvete.

Mange har slutta at menneskenaturen er vond på botnen, men at trua på ein Gud, som ser og noterer seg alt for ein dag å gjere opp rekneskap, vil temje det vonde og fremje det gode i oss. Valet mellom sæle eller pine i det neste livet skal få oss til å velje det gode og avstå frå det vonde.

Vitskapen og «det vonde»

Men rota til «det vonde» er truleg å finne i evolusjonshistoria vår. I fylgje rådande teori, går det naturlege utvalet i evolusjonen føre seg på to nivå: For det første utval på individnivå i samspelet mellom individa i ei gruppe. Der er altruisme viktig for overleving og øksling. For det andre utval på gruppenivå. Der er aggresjon viktig for å overleve og øksle seg  i konkurranse med andre grupper.

Kort sagt: Me er her i dag – på godt og vondt – fordi fedrane våre var dyktige både til altruisme og aggresjon – og såleis fødde fram fleire born enn konkurrentane.

Mennesket er på eine sida aggressivt og i stand til drap på medmenneske, men på andre sida også altruistisk, dvs. parat å ofre livet for at andre menneske skal leve. Ikkje berre for nærskylde, men for heile gruppa me varar til, til dømes fedrelandet. Ja, mennesket er jamvel viljug til gå i døden – eller valde andre sin død – for ein abstrakt religion eller ideologi.

Knapt nokon har forklart dette betre enn sosiobiologen og humanisten Edward O. Wilson, særleg i den siste boka si: «The Meaning of Human Existence».

Frå empatisk bestefar til drapsmaskin

Historia har vist at under dei rette omstenda kan kven som helst av oss ta spranget frå empatisk medmenneske til kjenslelaus drapsmaskin. Lykelen til dette hamskiftet er å klassifisere «dei andre» som undermenneske, ja, meir i klasse med skadedyr. Er religion eller ideologi blanda inn, kan eit større skred losne. Drap vert snøgt ein heroisk strid i det gode si teneste – og til Guds velbehag.

Ei særs skakande bok er «Hitler’s willing Executioners» av Daniel Jonah Goldhagen. Boka dokumenterer korleis tyske avdelingar frå reservepolitiet vart sette inn i Polen for å hjelpe til med å reinske landet for jødar. Dette var familiefedrar i bestefarsalder. Dei drog frå landsby til landsby, samla saman jødane og tok livet av dei. Ikkje berre med skytevåpen, men med spader, hakker og anna dei hadde for handa. Dei første par vekene både gret og spydde dei, men så kom rutinen, og dei vart ihuga tenarar i det gode si teneste – å fjerne kreftsvulsten frå den ariske rasen.

I dag er det IS-krigarane som trur seg i det gode si teneste, og som strevar etter å setje Allah sin vilje ut i livet. Dei vantru må vende om eller døy. Det minste avvik frå den rette trua vert drakonisk straffa i samsvar med Sharia, Guds eigne lover. Om me skulle ta våre eigne Sharia-lover på alvor, Moselovene, måtte me fare fram på same vis. Eg las nyst at ein amerikansk pastor krev dødsstraff for homofili. Han viser til Bibelen og er nok heilagt overtydd om at han strir den gode strid.

Må me leve med vondskapen?

Så kva kan me gjere for å verte av med «det vonde»? Den genetiske arven vår vert me ikkje kvitt dei neste ti tusen åra. Men mennesket er noko meir enn ein sekk organ styrt av instinkt. Mennesket har også bygd sivilisasjonen, der drap er tabu. Me har utvikla rettsstaten og jamvel formulert universelle og ukrenkelege menneskerettar til å navigere etter når farvatnet vert ureint.

Det er all grunn til å vere optimist om humanismen får endå betre rotfeste og kan halde oss oppreiste når verdsstormane ruskar i menneskeverdet.

Men ver på vakt når dei vonde lèt som dei er gode.