Nesten dagleg kjem det meldingar om at maritim næring slit. Rolls-Royce skal før året er omme kutte staben med over 300 tilsette, 40 norske skip ligg i opplag, blant desse er skip frå både Ulsteinvik og Fosnavåg. Konsekvensen av dette er permitteringar og oppseiingar. Og myk-je tyder på at det vil kome fleire slike meldingar. For dei som brått står utan arbeid er situasjonen dramatisk. Ikkje minst for dei som er i et-ablerarfasen og sit med store huslån.

Men den maritime klynga har vore gjennom fleire periodar med ordretørke før. Tidene var tøffe i siste del av 1980-talet, i starten av 90-talet og i åra 2000 til 2002. Så kom den lange oppturen, som har vart heilt til no.

I nedgangstider har den maritime klynga vist evne til å omstille seg og kome opp med nyskapande løysingar både på produksjon, utstyr og skip. Det store spørsmålet no er kor lenge nedturen vil vare. Enkelte meiner til 2017, andre at det vil gå endå lenger tid. Det som er sikkert, er at verda vil trenge både mat, energi og transport av varer. Mykje av dette finn vi i havet, og maritim næring vil heilt sikkert bruke kompetansen sin til å finne nye, smarte løysingar. Og så får vi minne oss på ordtaket om at «det er i motbakke det går oppover».