Er det berre eg som meiner det har vore ekstra mykje snakk om russen i år, eller er det ein realitet? Kor ein er i  lag og lyd kjem pengeforbruk, lauslevnad, russebilar og pingvinar i Atlanterhavsparken opp i samtalen. Det er russetida som er tema for denne kommentaren, sjølv om skitne russeklede no er lagt til sides, lommeboka tom og eksamenperioden får alt fokus. Men eitt er visst: russen har til alle tider fått merksemd;  dei er anten for ville eller for passive. Det er som ei rituell øving kvar einaste vår, dei fleste må meine noko om russen, og sanneleg gjer ikkje eg det og. Kanskje er det eit aldersteikn.

Vedunderleg tid?

Det er mange som har samansette kjensler når dei tenkjer attende på russetida. Nokre minne er såre – ja kanskje direkte vonde. Ein kjæraste som var utru, ein var i utkanten av dei som hadde det særleg kjekt, ein vart sjuk eller ein rett og slett ikkje kjende seg på høgd – greidde ikkje heilt å knekkje russekoden. Desse høyrer vi ikkje så mykje om, dei held det for seg sjølv, ein skal liksom vere yr og glad. Ein skal syte for flest dristige knutar eller  hutre seg gjennom ei våt og kjedeleg natt i ei rundkøyring, og ikkje minst: bryte eigne grenser og prinsipp når det gjeld alkoholinntak.

Gode minne

For mange bringer russetida gode minne. Eg til dømes, kan ikkje vere ute ei mai -natt utan å minnest kjensla frå den tida av å vere fri, ha så mykje kjekt framfor seg som ein sjølv skulle få styre, kjenne seg omslutta av ein fellesskap som ein visste var der og då. Snart skulle ein skiljast, gå kvar sine vegar. No kunne ein møte morgonen på ein benk og lytte til fuglane som vakna, kjenne lukta av nyutsprunge doggvått lauv,  og riste festen av seg. Russetida var eit vendepunkt. No var det ut av byen og ut i livet, utdanning og nytt liv venta. Berre eksamen først.

Fellesskap om aktivitetar

Vi som har russetid frå andre stader minnest russerevy, russeavis, kulturveke og aktivitetar som både fekk fram talent, organiseringsevne  og styrka fellesskapen. Russeavis har det og vore i Ulsteinvik. Mange grudde seg til ho kom. Kven ville verte hengde ut på ein morosam måte, men med brodd? Kommune, kjøpmenn og lærarar fekk sitt på temmeleg intrikat vis. Det var moro å lese karakteristikkar dei ga kvarandre, også her kom både vidd og ikkje så reint lite sarkasme fram. Russen hadde elles moro i å skape støy kring vekking av lærarane, som stilte i slåbrok på verandaer mens familien smugkikka bak gardinene. Eit år var det attpåtil russeorkester, gjett om lærarane kjende seg æra når gladlåta  ”When the saint comes marching in” ljoma frå plenen og vekte naboane. Det var viktig å kome seg ned i Vik  tidleg nok for å sjå kva plakatar som var hengde opp på butikkane. Når eg nøstar i dette, er det merkeleg nok ingen som hugsar kva som sto der.  Dei vart raskt tekne ned, det kollektive minnet er såleis temmeleg skjørt. Sjølv hugsar eg frå heimbyen min ein overivrig kjøpmann som fekk i teksten på gråpapir over heile ruta: ”Bukke – nikke – neie”. Alle tok poenget, men kanskje ikkje han det gjekk ut over. Eg kjenner det stikk litt no, kanskje skal vi vere glade for at den tradisjonen er ute.

”Hvad mon bestille”?

Russetid har ei 110 år gamal historie her til lands, og med røter til Europa lengre attende. I 1722 skriv Ludvig Holberg  i Erasmus Montanus : ”Der er kommen profecto en hob Russer til Kiøbenhavn. – Hvad mon Russen nu vil bestille her igien? – Det er ikke Moscoviter, Jeppe Berg! Det er unge Studentere, som man kalder Russer.”  Hvad mon bestille?? I dette ligg ein kjerne; det har vore uføreseieleg kva russen kom til å gjere, dei kan sjølv velje sine aktivitetar. Også dei som vi andre ikkje synest om. Her ligg noko av fridomen; fridom til å sprengje grenser, bryte tabu, dumme seg ut. Alvoret kjem tidsnok. Å bruke 1,2 millionar på ein russebuss og få dekoratør over frå USA, å finne fellesskap i å sjangle rundt på russetreff ved å gå frå buss til buss og høyre på idiotiske, sexistiske tekster: det er deira eigne val. Dei kjem aldri meir til å bruke pengar så ufornuftig, dei kjem aldri meir til å finne fleire coole folk samla på ein stad, dei kjem aldri meir til å godta at dei vert kalla horer. Men dei har altså gjort det. Somme har sprengt eigne grenser i å vere frampå, lært seg å spare mot eit bestemt mål, organisere biloppussing, finne på dumme tekstar på eit russekort, tillate seg å vere nett så fri og morosam berre nokre få visste om.

Barn av si tid

Russen er barn av si tid. Kanskje er det ikkje så mange tabu å bryte lenger; kanskje skal vi og orsake at  tidlegare russ let det bli såpass få att. Dei som no står att, er overeksponering av fenomen som rusbruk og sex. Men det er faktisk å bryte tabu det og. Men eitt tabu skal få stå att; ein skremmer ikkje barn og dyr. La pingvinar vere i fred! Kanskje kan debatten som har vore i år, ha noko føre seg. Det hadde vore kjekt om russen 2016 retta seg meir ut mot samfunnet enn inn mot seg sjølv: det er framleis noko vi treng hjelp til å få le av.  Og no kan russeforeldra og omgjevnader omsider få slappe av, det er over no.