Torsdag vedtok Ulstein kommunestyre at ei ny kyrkje skal plasserast nordvest for dagens kyrkje i sentrum. Ikkje på Store Vikholmen.

Med dette vedtaket veit soknerådet kvar kyrkja skal ligge, og kan gå eit steg vidare i planane sine. Kommunestyret har også tatt ut punktet frå formannskapstilrådinga som sa at Ulstein kommune i nær framtid ikkje har midlar til ei ny kyrkje. At dette punktet no er borte, vil truleg gjere det enklare for dei som skal samle inn pengar til eit nytt kyrkjebygg. Mykje tyder på at dei likevel har ein formidabel jobb framføre seg.

Les også: - No byrjar den verkelege jobben

Ein annan jobb som ventar, er å finne fram til den arkitekten som kan kome med beste løysinga for ei ny arbeidskyrkje. Både for kyrkjebygget og området rundt. Kyrkja skal plasserast på den tidlegare «Andersen»-eigedomen, som ligg rett inn til kyrkjegarden, og det er rett gjort av Ulstein kommunestyre å ha i vedtaket at det skal takast mest mogleg vare på kyrkjegarden. Det må vere eit vilkår for oppføring av nytt kyrkjebygg at flest mogleg av dei gamle gravene framleis får stå.

Ved å plassere ei ny kyrkje i nærleiken av den gamle, er det håp om større sambruk, og dermed vidare vedlikehald av den gamle kyrkja.

Kva meiner du om lokaliseringa av ny arbeidskyrkje i Ulsteinvik? Sei di meining på våre Facebook-sider.