Om vel ein månad er det kommuneval, og mange har nok gjort seg opp ei meining om kva parti dei skal stemme på.

Dersom det var val i dag, kva parti ville du ha stemt på? Vi har valt ut eit knippe politiske parti som har det til felles at dei stiller liste anten i Ulstein og Hareid, eller i begge dei to kommunane.

Finn du ikkje "ditt" parti på lista har vi i tillegg vore så rause at vi har lagt inn alternativet "Andre".

Ville bruke mindre pengar på ferie

Før folk drog i veg på ferietur stilte vi spørsmålet: Kor mykje skal du bruke på ferie i år?

Heile 42 prosent hevda at dei skulle bruke mindre enn i fjor, medan 20 prosent rekna med å bruke like mykje som i fjor. 22 prosent ville bruke meir på ferien i år i høve til i fjor, medan 16 prosent ikkje visste.