Når Count Basie, ”The Kid from Red Bank”, vert spela for siste gong og Reiseradioen takkar for seg med Kirsti Sparboe og ”En sommer er over”, då er den slutt for i år. Slutt på noko som ikkje heilt kom ordentleg i gang.

Det har alltid vore vemodig å ta farvel med den ”lettsindige” delen av året. Skulen byrja att og kortebuksene vart vaska og lagt vekk i påvente av ein ny sesong. Den årlege bilturen med telt i takgrinda var eit høgdepunkt. Å få sjå andre bygder var kjekt. Handle på meir eller mindre eksotiske butikkar i Trondheim, Sogndal og Odda. Sjølv om det synte seg at den tøffe blåstripa buksa, som broren min kjøpte, var laga på ValKoFa i Valldal. 450 meter i frå der vi budde.

Feriepengane vart delt ut før første ferjestad. Bror min svei dei av fyrste dagen og vart avhengig av lån og almisser resten av veka. Eg kom som regel heim med 100% avkastning på beløpet, som deretter hamna på bok i Postsparebanken.

Lengda på ferieturen vart ofte avgjort av tilfeldige hendingar, ein kvervelvind på Vangsnes endra utsjånaden på teltet til det ukjennelege. Sjølv ikkje Domus på Voss kunne berge restane av det som ein gong var ein mobil heim. Resultat: Rett heim att til Sunnmøre. Hotell var ikkje i far sitt repertoar. Sjølv om campingturane ofte var ei stor belastning på familierelasjonane, var sommaren delt opp i før og etter bilturen. Likevel var det oftast vanleg at den vart nytta og nytt i heimlege omgjevnadar. Utanlandsturar til Sverige og jamvel Danmark høyrde med til det sjeldne, og vart snakka om. Far var ikkje trygg på om svenskane hadde lært seg skikkeleg høgrekjøring så det var ikkje utlandet på oss.

Det var elles nok av utlendingar på kaia i Valldal. Dei venta på ei av dei fem ferjene som tok unna turiststraumen i frå Trollstigen til Geiranger. Ferietida var eit framifrå høve for oss aller yngste til å tene pengar. Mange plukka jordbær og fekk betalt per korg, men eg oppdaga fort mi manglande interesse for kroppsarbeid og karriera i åkeren vart difor av det korte slaget. Gleda med å selje korgene var derimot stor. Fortenesta like eins.  Dessutan treff ein mykje framandfolk som sette pris på ein liten lubben handelsmann med piggsveis. Det var den sveisen handklippemaskina vår var innstilt på i byrjinga av sekstitalet og til den vart pensjonert tiåret etter.

Høgdepunktet i veka var å få gå ned til Marianne i softisbaren på kaia og kjøpe ein softis med krokanstrø. Ikkje ein kvardagshandel, men litt av jordbærpengane fann vegen dit. Det var viktig å vere der rundt den tida ho stengde for kvelden, for då skulle maskina tømast og reingjerast. Ein stad måtte ho gjere av isen som var att…. Dei eldre ungdommane var meir opptekne av å få tak i dei tome softiskannene, noko eg ikkje skjøna før eg vart eldre og var på ungdomshuset.

Dei kaotiske ferjekøane vart dirigert av ein lyslugga kristiansundar. Lasse hadde gjort dette i mange sesongar allereie. Det var stort å bli ”deputysert” av han og sett til å være kaisjef nokre minutt, mens han var i nødvendig ærend. Vi skreiv tal på blokka, reiv av og sette lappen under viskaren. Ulik farge og bokstav etter som om bilen skulle til Geiranger, Eidsdal, Overåneset, Stranda eller Fjørå/Tafjord.

Stolte ferjer som ”Geiranger”, ”Møringen”, ”Nordalsfjord”, ”Gisle”, ”Lahela”, ”Eira” og mange andre låg og venta på dei tre fergeleia, som var i bruk. Nokre av dei måtte sveivast med handemakt når ferjene la til kai. Venting på opp mot eit døgn kunne førekome for dei som ville heilt til Geiranger. Eit yrande folkeliv berre nokre tiår etter krigen. Tyskarar og svenskar i fleirtal. Å skrive bilnummer var hobby nummer ein mellom oss som så vidt var skriveføre. Det var konkurranse om å få flest nasjonalitetar på blokka. Vart det ikkje nok, dikta vi opp nokre og la dei til i boka.

Ikkje nokon stad var kontrasten mellom sesongane større enn i turistbygdene. Når Trollstigen stengde var det som å skru igjen ei kran. Vi var igjen overlatne til oss sjølve og gode minne i frå ein solrik sumar som var slutt. ”The Kid from Red Bank”, var spela for siste gong og Kirsti Sparboe hadde sunge ”En sommer er over”.

Framleis god sumar.