På ettervinteren kava eg meg gjennom ei bok som vekte mykje merksemd då ho kom ut på engelsk i 2014, «Capital in the Twenty-First Century», av den franske økonomen Thomas Piketty. Eg kan love at denne mursteinen er forvitneleg les-nad om ein vil skjøne kva grunnleggjande krefter som har styrt den økonomiske utviklinga i verda – og dermed i stor grad den politiske – sidan midten av 1700-talet.

Eit nybrotsarbeid

Piketty sin dokumentasjon av den aukande skeivfordelinga av makt og rikdom i det 21. hundreåret kan få håret til å reise seg på hovudet.

Piketty og teamet hans har brukt 15 år på å grave fram og systematisere økonomiske data frå heile verda så langt attende som før den franske revolusjonen. Ein så lang dataserie har aldri vore gjenstand for systematisering og analyse før.

Piketty byggjer analysen sin i hovudsak på den innbyrdes utviklinga mellom to relasjonar: a. tilhøvet mellom mengda kapital i eit land og den årlege nasjonalinntekta (capital : national income), og b. den gjennomsnittlege avkastinga av kapitalen sett opp mot den årlege veksten, begge deler uttrykt i prosent (r ≠ g).

I denne perioden har meir enn 95 % av all kapital vore i privat eige. Snittavkastinga på kapital har vore stabil på mellom 4-5 % pr. år.

Drivkrafta bak ulikskap

Piketty finn at i tida opp til 1. verdskrigen fekk kapitalen opp mot 40 % av nasjonalinntekta i dei utvikla landa, mot arbeidsinntekta sine 60 %. I det 19. hundreåret, eit hundreår nesten utan inflasjon, vart det såleis akkumulert enorme private formuar. Og det meste av kapitalen hamna etter kvart hos mindre enn 1 % av innbyggjarane.

Piketty har funne at den grunnleggjande drivaren mot divergens, dvs. auka økonomiske ulikskapar, kan formulerast svært enkelt som r>g, der «r» står for avkasting (return) og «g» står for vekst (growth).

Fram til midten av 1800-talet var den årlege veksten i periodar langt under 1 % pr. år, både økonomisk og demografisk. Snittavkastinga av kapital var likevel stabil på 4-5 %.

Minus levekostnader for den som berre levde av kapital, kunne den effektive spareraten vere nær 4 % i snitt.  Med ei slik sparerate vil kapitalen doble seg i løpet av eit par tiår, og firedoble seg i på mindre enn 50 år. Skattlegging av kapital var jamgodt med null.

Tre gylne tiår med utjamning

På grunn av krig og hyperinflasjon i første halvdelen av det 20. hundreåret vart desse superformuane i Europa utraderte, og etter krigen kunne korta delast på nytt. Vekstraten vart mykje større enn avkastinga på kapital, og akkumulasjonen av kapital sakka etter.

Samstundes kom utdanningsrevolusjonen og la grunnlaget for det såkalla meritokratiet. Klassereiser vart fullt ut mogleg for den som var smart og/eller flittig, og arva pengar gav færre fordelar enn før.

I dei tre tiåra etter krigen vaks den velståande middelklassen fram og tok for seg opp til 85 % av nasjonalinntekta mot berre 60 % før 1. verdskrigen.  Det var ei tid for økonomisk og kulturell utjamning.

Kapitalen får igjen overtaket

Men Piketty viser at midt på 1970-talet svinga pendelen tilbake. Med minkande vekst og stabil snittavkasting fekk kapitalen på nytt overtaket, slik at på 2000-talet er me i dei rike landa mykje godt attende til situasjonen før 1. verdskrigen. Stendig større del av nasjonalinntekta er kapitalinntekt (30-40%), og kapitalen vert konsentrert på stendig færre hender.

Fylgjene av dette er igjen aukande økonomiske og sosiale ulikskapar. Det er nok å nemne forgjelda statar i Europa med ekstremt høg arbeidsløyse.

Ulikskapane aukar snøgt, og Piketty meiner at om det ikkje vert gjort internasjonale, finanspolitiske tiltak, kan det europeiske velferdssamfunnet slik me kjenner det, gå over styr i krig eller revolusjon, slik det har hendt før dei siste 200 åra. Så destabiliserande er sosial ulikskap.

I dag vert kapital og avkasting i noko mon skattlagd, men globalisering og fri flyt av kapital har gjeve den internasjonale finanskapitalen tusen smotthol for å kunne drage seg unna skattlegging av både kapital og avkasting.

Kva må gjerast?

Piketty meiner at eit første steg på vegen til å avgrense kapitalen sin veksande lut av nasjonalinntekta, er eit lovfesta krav om at alle bankar og finansinstitusjonar i heile verda må levere fullstendige oppgåver over alle midlar dei tek vare på eller forvaltar.

Fyrst då er det mogleg å tenke seg internasjonale skattereglar som kan få bukt med ubalansen i fordelinga av inntekt mellom kapital og arbeid.

Piketty meiner at det i dei næraste tiåra må etablerast ein global, progressiv skatt på kapital, som kan drivast inn same kvar kapitalen prøver å gøyme seg. Piketty innser likevel at dette er ei oppgåve som vil krevje ein global, politisk konsensus me slett ikkje har i dag.

Sjølv om det er eit trugande bilete Piketty teiknar av utviklinga i det 21. hundreåret, så tek han atterhald om at uventa politiske, teknologiske eller andre fredelege omveltingar kan vise at han tek feil, på same måte som tidlegare økonomiske spåmenn som Malthus, Ricardo, Marx og Kuznets feila, fordi dei hadde eit avgrensa perspektiv i si eiga samtid. Von dess.

Men kor som er, eg vonar Svenska Akademien kjenner si vitjingstid.