Vikeblogg

"Ragnvald would like to meet you" Trur ikkje det, nei. Som om eg ikkje har nok å kave med.

Med jamne mellomrom dukkar slike som Ragnvald opp. Eller stort sett heiter dei Pauolo (nei, ikkje Choello) eller noko liknande. For nokre år sida var eg ung og dum nok til å seie ja til å bli med i eit nettsamfunn som heiter Wayne. Berre for å glede ein ung nevø som kommuniserte best på den moderne måten; med god avstand til mottakaren. Eg trudde han trengde dei venene han kunne få; når til og med tilårskomne tanter vart spurt. Ungguten har for lengst reist vidare til Twitter og Netlog og eit eller anna. Det er berre eg som sit fast i myra og ikkje veit korleis eg skal kome bort frå denne Wayne. Alt eg har gitt av info er fornamnet mitt, landet eg bur i og alder. Eg kan ikkje forstå at nokon av dei tre tinga verkar særleg tiltrekkjande. På andre enn Ragnvald.

No hadde eg heller ikkje hatt sjanse til å møte denne innbitne ungkaren (innbiller eg meg at han er), om eg aldri så gjerne ville. Eg har for lengst gløymt alle kodar og passord som gjev meg tilgang til Wayne, og har ingen intensjon om å bruke tid på å finne ut av korleis eg skal få nye. Så stort sett vel eg å møte dei regelmessige skriva frå Wayne i e-postkassa mi, på same pedagogiske måte som eg møter ungar med uønskt åtferd; eg ignorerer. Både Ragnvald og Paulo hamnar i søppelkassa. Då er Facebook verre å oversjå. Etter å ha snakka stygt om fenomenet heilt sidan det dukka opp, gav eg opp i fjor sommar og registrerte meg både med foto og favorittkafe og eg veit ikkje kva. Og som alle ihuga motstandarar vart eg sjølvsagt den ivrigaste av dei alle, i sånn cirka ei halv veke. Eg leita opp gamle klassekameratar som eg ikkje har sett sidan eit nesten gløymt folkehøgskuleår og som eg ikkje kjem til å sjå igjen heller. Anna enn på Facebook. Eg takka gladeleg ja til alle veneførespurnader frå fjern og nær, heilt til eg oppdaga at dei som hadde forandre seg så veldig sidan ungdomsskulen, slett ikkje hadde gått på same skule som eg. Eg hadde faktisk verken sett eller høyrt om personen før. Då fann eg ut at det var på tide å bremse ned. Eg innsåg også at fjesboka eigentleg ikkje var tingen for meg: Eg er verkeleg ikkje typen til å skrive om personlege tankar slik at alle kan lese.

Men den går ikkje. Etter sommarferien kom ein litt snurt e-post frå Facebook om at venene venta på meg. Eg hadde ikkje vore inne og registrert verken bursdagen til Anne Sofie Puntervold frå Snåsa, som eg meiner eg møtte ein gong i kantina på universitetet, eller så var det ei anna. Heller ikkje hadde eg fått med meg alle invitasjonane til hendingar eg ikkje har tid eller barnevakt til å gå på. E-posten var omtrent like snurt som den eg for ei tid sidan sende til ei god gammal venninne, som eg ikkje hadde høyrt frå på månader. Ja, eg visste sjølvsagt alt om henne, frå Facebook. Eller Fakebook, som er eit mykje meir passande namn. Eg hadde sett glansbiletesida; og lese alle dei humoristiske kommentarane hennar, men det ante meg at eg ikkje visste noko om korleis ho eigentleg hadde det. Om ungane som sleit på skulen, om mannen som jobba for mykje, om korleis det gjekk i den nye sjefsstillinga og om ho fekk tid til å klippe tåneglene innimellom.

Sidan det har eg ikkje høyrt frå henne. Berre ein kort replikk tilbake, på e-post, sjølvsagt, der eg forstod at eg no gjekk over grensene, for korleis det var vanleg å kommunisere. I alle fall på Facebook. Og forresten hadde ho slett ikkje tid, innimellom dei 25 daglege statusoppdateringane. På Facebook. Og berre så eg visste det, ho hadde faktisk enda fleire forpliktingar her i livet. Ho måtte få folk til å følgje seg på Twitter også, må vite. Sidan det har vi ikkje vore venner. Ja, eg veit framleis kvar ho har vore på ferie og at ho skal til tannlegen i morgon. Men no er vi uvenner. På Facebook. Eg lurer faktisk på om det kan vere ein kjempeide for ei ny verksemd. Kanskje eg kan verte gründer for eit nytt nettsamfunn, der ein samlar så mange uvenner som mogeleg. – Hei, vil du vere uvennen min? Eg kan spørje Ragnvald.

Nikolina

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:

Eg takka gladeleg ja til alle veneførespurnader frå fjern og nær, heilt til eg oppdaga at dei som hadde forandre seg så veldig sidan ungdomsskulen, slett ikkje hadde gått på same skule som eg.

Siste nyheter

Korleis står det til i skolen?

Det er ein grunn til at det står "skolen" i tittelen. Les Atle Måseide sin kommentar om lærarutdanninga frå laurdagsavisa.

Kulturskulane - ein kreativ boltreplass

Les leiaren til redaktør Anne Gry Eilertsen, om den viktige satsinga innanfor kulturskulane.

Om kvinnesak og kvardagar

Les Helene Hovden Hareide sin Laurdagskommentar

Himmelblått over Ulsteinvik

Leiar av redaktør Anne Gry Eilertsen.

Eigedomstransaksjonar

Aukar framleis

Sjå interaktivt kart med omsette eigedomar i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande.

Sjå kvar det er flest fritidseigedomar

I løpet av dei fem siste åra har 365 fritidseigedomar skifta eigar.

Her er årets dyraste bustadar

27 bustadar solgt for meir enn 4 millionar kroner i 2016.

Familiedag om mystisk natur

Bli med inn i kunstmålar Nikolai Astrups magiske og kreative verd

Brandalskvinne i Kongens Nei

Karina Grimstad Brandal (38) fekk auka respekt for dei som opplevde andre verdskrigen etter ho var med som statist i Kongen nei.

Ikkje brot for Mork Breivik

Vart takla stygt under kampen mellom Hødd 2 og Bergsøy, men skadane skal vere lettare enn først frykta.

Skal levere utstyr til fem cruiseskip

Rolls-Royce har signert kontrakt med Fincantieri

Spennande kyrkjekonsert i emning

«Kvelv bak kvelv utan ende» er tittelen på konserten i Ulstein kyrkje komande søndag. Det teiknar til å bli ei mektig stund.

Tung avslutning for Hasundgot

Tapte 6-0 heime mot Bergsøy 2.

Ny kommunaldirektør?

Det kan bli slutt på tittelen rådmann.

Tre nye Rem-skip i opplag

Og 10. oktober opphøyrer Rem Offshore som eige selskap.

Gjennombrot for Herøy-gründer

Fekk avgjerande hjelp frå kunnskapsparken i Ulsteinvik.

Turn-jubel for Gullkorn

Sparebanken Møre støttar IL Hødd turn med 20.000 kroner til tilrettelegging for dei yngste utøvarane.