Ja, her er det førjulskos.
Endret: 22.12.2011 kl. 12:01
Forkjølelsessåret på nasen lyser raudt som om eg var ein nær slektning av Rudolf. Seksåringen er sendt på skule utan rottekostyme (det er sjølvsagt ikkje nok å sende med luciadrakt og nissehue). Og eg har akkurat brølt høgt til svigermor. Alt ligg an til ei triveleg familiejul.
Eg vågar ikkje å tenke på korleis dette vil akselerere etter som vi nærmar oss julaftan. Heldigvis er innkjøp av julegåver påbegynt. Dei til meg sjølv. Og svigermor har tatt seg av kakebakinga. Ho kom med ei ferdigkjøpt peparkakedeig i kofferten denne veka. At peparkakene vart svartbrente etter at eg gløymde å passe ovnen, fordi åtteåringen lugga og seksåringen klora, legg ingen dempar på julestemninga. Dei vart så neddynga av melis og nonstop at dei ikkje var synlege likevel. Ungane, altså.
Men då taklampa byrja å sveie og rampeguten stakk av med fyrstikkene etter å ha tent det femte adventslyset heilt uoppfordra, meinte bestemor at det var nok. Men ein ting er å klage over ugagnet til eigne ungar, ein heilt annan ting er det dersom nokon andre ikkje synest dei er søte små englar. Spesielt viss desse andre heiter svigermor. Men eg fekk i alle fall slått i bordet og gjort klart med rungande røyst, at hissigheita har gutungen i alle fall ikkje etter meg.
For å vere heilt ærleg har det gått heilt i tullball for oss, når det gjeld kven som er med på kva, av luciaopptog og nissar på låven. Og enda er det fjorten dagar til jul.
Heldigvis kom eg over denne julebloggen på nettet. Desse glitrande råda vil eg be alle legge seg på sine juleraude hjarte:
1. Les aldri julebloggar. Spesielt ikkje slike som viser heimelaga julepynt, sjølvdesigna møblar og kunstferdige cupcakes. Alt i same fargetone. Det kan godt hende du kan fikse noko liknande sjølv, men ikkje i løpet av eit par søvnlause førjulsnetter.
2. Høyr aldri på kva folk over 70 seier. Om at før gjekk alle ungar rundt i matrosdress og spikka skjerefjøler i heile advent. Og om dei ville opne munne og kviskre noko lite, gjekk dei alltid utandørs.
3. Julenissen finst ikkje. Men om han gjer det så send han hit, så skal han få jobben med å vaske ned huset.
4. Julekrybba er eit fredfullt samlingspunkt i stova, men ikkje når ein seksåring og ein åtteåring slåst om å kven som skal legge Jesusbarnet på plass i krybba.
5. Det meste kan dekkast over med melis og non-stop, men ikkje kloremerka i ansiktet på han med matrosdressen.
6. Inviter så mange som mogeleg av søsken, søskenbarn, svograr, svigerinner og svigermødrer til jul. Med maksimum av mat og varm inneluft er du sikra familiekonfliktar som vil oppretthalde kontakta med store delar av slekta til langt ut i det i det nye året.
7. Start gjerne alt no med å planlegge neste års jul: Aleine på ei aude øy.
(www.lovepeacenikolina.no)
Nikolina
