Øvst i denne artikkelen kan du sjå ein musikkvideo der Volda blir heidra med eigen song. Denne har spreidd seg blant brukarar mellom anna på Facebook. Det fortel musikkvideoen sin gitarist og korist, Johannes Vartdal, frå Ulsteinvik.

- Vi har vore studentar ved Høgskulen i Volda. Han som syng mest kjem frå Bergen og heiter Christoffer Thunes Hansen. Ideen med å lage denne musikkvideoen som heidrar Volda, kom i samband med "Open mic" på Rokken i Volda, som er eit arrangement der kven som helst får prøve seg, fortel Vartdal.

Songen fekk merksemd.

- Vi skreiv faktisk songen før dagen det vart arrangert "Open mic". Mottakinga av songen var heilt grei. Etter kvart fekk vi med oss nokre folk slik at vi kunne lage ein musikkvideo. Denne vart spelt inn på ulike plassar. Til slutt hadde vi ein musikkvideo.

No er videoen sett over 3200 gonger på YouTube.

- Vi ser at den blir delt ein del på nettverket Facebook. Det er jo kjekt. Bodskapen i songen er at det kan verke skummelt å kome til vesle Volda for å studere. Ein ser seg over skuldra til Folkestad og lurer på kva ein har gjort. Videoen reflekterer at det endrar seg til det positive, avsluttar Vartdal.

Kristoffer Thuenes Hansen og Johannes Vartdal syng og spelar heiderssongen om Volda. Foto: Skjermdump/YouTube