I 1830 la to ungdomar ut frå særs tronge kår i Lesja. Dei hadde ikkje noko utkome og hadde spurt seg føre at i Troms var det god von for bureising. Dei var nevenyttige og jobba seg nordover. Ikkje var det facebook på den tida, så ettertida veit lite om korleis sjølve turen var. På veg til Bardu hamna ein av dei som dreng og krambukar på ein gard som hadde mangslungne aktivitetar med gardsdrift, handel og fiske. På Røkenes ved Harstad  fekk han syne talenta sine ved ekstra ståpåvilje på fleire frontar. Han greidde leggje seg opp litt pengar, nok til å kjøpe ei  båtlast med fisk som han selde med forteneste vidare. Grunnlaget var lagt for eit utkome.

Han fekk kjøpt seg ein gard, etablerte ei smie i eit naust, gifte seg og fekk etter kvart mor si og søstera nordover. Denne livshistoria har mange lag og ringar utover, og mykje kunne forteljast vidare av meg som tippoldebarn. Mange familiar kan fortelje slike einskildsoger om opp og nedgong. Vi skal ikkje gå mange generasjonar attende før det var periodevis stor naud når fisket slo feil på våre kantar;  dei som hadde ein liten gard var berga, men kva med dei andre?  Slike historier lever ikring oss også  i dag. I stort mon. Ikkje alle har særleg god utgong her vi ser dei prege lokalsamfunnet vårt på vent, leiting  og lengt. Dette er og levd liv, og det midt iblant oss.

Katarzyna

Katarzyna er midt i trettiåra, og har alt ei soge å fortelje om vilkår i Aust-Europa. Ho vart gravid i vidaregåande skule, gifte seg og fekk ikkje fullført skulegongen før seinare, takk vere ei mor som alltid stilte opp. Høve til å ta utdanning vidare har det ikkje vore. Katarzyna fekk seg ein butikkjobb, nok til at ho og mannen fekk skrape saman og lånt til leiligheit. Men løna var låg, så nokre år drog ho  tre månader i året til Italia og tok heimehjelpsjobbar hos eldre, der tente ho litt meir.  Ekteskapet skranta, og Katarzyna vart åleine. Det vart  ikkje lettare som einsleg forsytar å finne ein jobb der ho kunne svare for dei utgiftene ho hadde, så ho freista lukka som så mange før ho ved å reise til USA. Gode skussmål frå Italia gjorde at ho fekk vaske- og huspostar hos private, men tente ikkje til meir enn at det heldt så vidt, og sleppe å selje leiligheita heime.

Ho ville ha noko å kome attende til. Og det gjorde ho etter fem år. Men vel attende var det for å konstatere at der var enno vanskelegare  å finne arbeid og løn å leve av. Kjende rådde ho til å å prøve seg i Noreg. Og her har ho vore i snart tre år. Lange og til dels tunge dagar med reinhald inkluderer ofte overtid, men arbeidsvilkår og skatt gir ho rettar. Det er vanskeleg å ha tid og krefter til å lære seg norsk, men tida i USA har kome ho til gode når ho kan bruke engelsk. No drøymer ho om å greie å kjøpe hus til seg og ny mann her i Noreg. Det greier ho sikkert, ho er målretta. Mannen  er frå same landet og har alt hatt seks år som handverkar her i same jobb. Dei er stabile og ønskjer som alle oss andre eit godt liv.

Simret

Simret kjenner vi nesten. Ho har saman med dei åtte ungane sine vore i Ulsteinvik sidan i haust, men vart nyleg send ut av landet. Ho og ungane har i nokre veker budd på ein flyplass i Frankrike før det er ordna noko mellombels losji til dei. Familien er frå Eritrea; eit land Amnesty rår at ein ikkje sender asylsøkjarar attende til. Men dit skulle dei vel eigentleg ikkje verte sende, ettersom familien i årevis har budd i Saudi-Arabia som framandarbeidarar. Der hadde dei skapt seg ein heim, men var likevel på utsida av samfunnet, opplevde seg som paria. Mannen kom i fengsel etter ein slosskamp; han ytra motstand mot religiøse pålegg til døtrene sine. Kvar han er og kva rettargang han har fått, veit ikkje Simret. Gravid i femte månad fekk ho hjelp til å flykte med dei andre ungane sine frå det landet som ho då kjende seg utrygg i.

Ikkje kunne ho greie seg der heller, ha eit utkome når mannen sat i fengsel.  I Noreg  er det eit eritreisk miljø og ho ville søkje seg hit, men hamna først i Frankrike og vart ein dublinar; dvs at det er dei franske styresmaktene som skal handsame asylsøknaden og ikkje den norske. No skal ungane vere på vent i eit nytt land med eit anna språk enn det dei har teke til å lære seg og i eit land dei så smått hadde tatt til å etablere røter til. Slik er reglane, men dei er nok ikkje i pakt med Barnekonvensjonen. Innvandringspolitiske omsyn heiter det heller.

Du må ikkje tole

Øverland si kjente strofe Du må ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv, maner oss til å stoppe opp ved dei livshistoriene som er midt blant oss. Når vi markerer 200årsdagen for demokrati og  utvikling  frå å vere eit av Europas fattigaste land, så er det ei mangslungen historie dette bygg på. Det har til alle tider vore menneske som av ulike årsaker må dra ut på leit etter betre liv og tryggleik. Somme drog til Harstad, Bardu eller Amerika, somme trudde at denne draumen har vore å finne i Noreg og kom til Hareid eller Ulsteinvik som asylantar.

Mens livshistoriene til forfedrane er å oppfatte som rimeleg eksotiske og nærast som Indiana Jones-forteljingar, så vandrar det levande historiebilete blant oss. Somme aukar velferda og rikdomen vår, dei skaper ein god meirverdi til dei som tek dei i sitt brød. Andre let vi av ein forunderleg grunn ikkje få lov til å syne talenta sine for å ha eit meiningsfylt liv mens dei ventar på opphald. Forstå det han som kan. Innvandringspolitikken er ikkje enkel. Men vi må aldri gløyme at det er individuelle livsskjebnar dette handlar om. Lær dei å kjenne! Då lærar vi oss å forstå andre vilkår og oss sjølv.

Hallgerd Conradi er sosionom og førstelektor ved Høgskulen i Volda. Ho er ei av Vikebladet Vestposten sine faste laurdagskommentatorar.