Leiar Peder Gjerstad i Unge Høyre i Møre og Romsdal vil kutte alle statlege subsidiar til folkehøgskulane. Unge Høgre-laga på Vestlandet er ikkje snauare enn at dei har lansert eit framlegg om å dra inn støtta til folkehøgskulane. Ungdomspartiet forstår ikkje kva slags akademiske kvalifikasjonar ein får av å lære å hekle, og dei finn det meiningslaust at staten skal betale for dette.

Folkehøgskulane har ei lang historie i Norge og Norden. Skulane har i generasjonar vore med på å gjere unge gutar og jenter til gagns menneske. Mange elevar har gjennom eit år på folkehøgskule fått mot til å vise ansvar, stå fram og til å fungere betre sosialt.

Ein forskingsrapport frå NTNU i 2010 viser at tidlegare folkehøgskuleelevar har større samarbeidskompetanse enn andre. Rapporten viser også at tidlegare folkehøgskuleelevar bidreg til fellesskapet i høgare grad når det gjeld dugnader,  politisk arbeid og hjelp til andre menneske. Rapporten viser også at dei elevane som vel å ta bachelorutdanning etter folkehøgskulen, gjennomfører denne raskare enn andre.

Folkehøgskulane tek imot alle slags elevar. Felles for alle er at dei får eit år med modning og perspektiv på livet. Mange ungdomar har etter eit år på folkehøgskule funne ut kva retning dei skal velje for livet vidare. Framlegget frå Unge Høgre er særs lite gjennomtenkt.